Konferanse mellom Stavanger og Bergen
Sett kurs mot Stord
Kurs og konferanse
Klar for fagleg påfyll, gode opplevingar og ny kompetanse? Sett kurs mot kystbyen Stord og Stord Hotell – eit perfekt utgangspunkt for kurs og konferanse.
Det er mykje å tenkje på om du skal arrangera kurs, konferanse, fagseminar, kick-off, prosjektsamling eller eit avgjerande møte. Hos oss får de skreddarsydd og tilrettelagt arrangementet, i ein perfekt miks av:
Fagleg innhald
Gode matopplevingar
Kjekke teambuilding-aktivitetar
Ei god natt søvn
Kurs- og konferanselokale
8 moderne og lyse kurs- og konferanselokale
Hotellet har moderne og innbydande kurs- og konferanselokale i ulike storleikar, fordelt på 950 kvadratmeter.
Fleire tiår med erfaring
Ein trygg konferansepartner
Med fleire tiårs erfaring som vertskap for store og små kurs og konferansar, er alt tilrettelagt for ei trygg, stressfri og etterlengta samling på Stord Hotell. Mellom Stavanger og Bergen finst det ikkje ein betre møteplass.
Anten du planlegg eit personleg møte for to, eller ein stor konferanse for 300 personar, har me rom for deg og dine inviterte.
Eit vellukka møteopphald
Skreddarsydde kurs- og konferansepakkar
Bli inspirert av våre ulike dag- og konferansepakkar – satt opp av vårt service team med det viktigaste for eit vellykka møteopphald. Har du eigne ynskjer, hjelper me deg sjølvsagt med å skreddarsy møtepakkar etter dine behov.
Møte, kurs eller konferanse.
Uansett arrangement – pausen er viktig.
Pausen er ein viktig del av møteprogrammet. Stord Hotell har hyggelege pauseområde der nytrekt kaffi med søte eller friske freistingar vert servert.
Pausemat gir naudsynt påfyll av ny energi for kroppen og er viktig for ein vellukka konferanse. Vår freistande energimeny byr på eit breitt utval av heimelaga freistingar, handmat og forfriskande drikke for å holde effektiviteten og konsentrasjonen på topp gjennom heile dagen.
Me ber om førehandsbestilling på pausemat, slik at me kan yte den beste service for våre konferansegjestar. Har du ynskje om noko som ikkje er på menyen, ta gjerne kontakt med vår bookingansvarleg:
Ragnhild Saue
Tlf: 53 40 25 04
E-post: konferanse@stord-hotel.no
Midt i «matfatet Sunnhordland»
Konferansemeny
God mat er viktig for kurs- og konferansegjestar, og ein stor del av totalopplevinga under ein konferanse. Med Stord Hotell som møtestad, bur du og deltakarane dine midt i «matfatet Sunnhordland». Me er stolte av vår velsmakande konferansemeny. På Stord Hotell set me matgleda i høgsetet og tilbyr ein meny med fokus på sesongen sine råvarer.
Konferansemenyen vert servert i vår restaurant, men det er sjølvsagt også mogleg å nytte eitt av våre flotte selskapslokale. Er det ynskjeleg med oppgradert konferansemeny, kan de saman med vår kjøkkensjef komponere ein eigen festmeny. Med fantastiske råvarer frå kjøkkenet inviterer me til ei smakfull mat- og vinoppleving som set prikken over i’en på ein handlekraftig dag. Festmiddagen inkluderer eige lokale, servering og festmiddagsoppdekking med blomar og lys.
Velbekomme!
Aktivitetar
Få meir ut av din konferanse
For dei som ynkjer å finne på noko utanfor hotellets vegger, gir me råd, tips og tilrettelegging. Vakre Sunnhordland er eit eldorado for frilufts- og kulturaktivitetar og me kan booka teambuilding som fengjer dei fleste
Som regionsenter, er Stord eit fantastisk utgangspunkt for å utforska resten av Sunnhordland, frå havet i vest til isbreen i aust. Kva med havrafting i dønningane frå Nordsjøen, med strandhogg på landemerket Slåtterøy fyr? Eller noko enklare, som ei golfturnering på Pitch & Putt banen like ved hotellet, vinsmaking eller omvising i eit kunstgalleri?
Arne Torget
Ein humorist heilt ulik noko du har sett og høyrt før!
Finn ut meirLeirdue- skyting
Ein morosam og actionfylt aktivitet, der ein skyt leirduer!
Finn ut meirVinsmaking
Vinsmaking eller cidersmaking i hotellets vinkjellar med sommelier Thor Oddvar Havn.
Finn ut meir