Teambuilding med latter og pensel
Er du heilt elendig til både maling og teikning? Perfekt!
Malemoro er eit kreativt og avslappa teambuilding-opplegg der me senkar skuldrane og leikar oss med fargar og penslar – heilt utan prestasjonspress. Saman med den inspirerande kunstnaren Bitta Bøthun Bjørnsdotter får de guida oppgåver som kan få sjølv dei mest uerfarne til å kjenna seg som ekte kunstnarar.
Her handlar det om å kosa seg, vera kreative i lag – og kanskje læra ein teknikk eller to på kjøpet.
💡 Passar for alle – anten du aldri har rørt ein pensel før, eller er ein reser med akrylmaling.
🎨 Bitta losar dykk gjennom heile opplegget – steg for steg.
🧑🤝🧑 Perfekt som aktivitet for grupper som vil rista laus og ha det kjekt i lag!


