Basseng

Vikjo bad

Nyt på Stord Hotell

Ved Stord Hotell si nye velværeavdeling, Vikjo Bad, kan du bada i kvalitet, luksus og velvære. Dette er ein stad der du verkeleg kan kopla av, nyta den deilege atmosfæren, og henta heilt ny energi. Ein stad du gler deg til å besøka – eit ekstra høgdepunkt i det herlege hotelltilværet.

Heilt nytt – nyt det. Velkomen til Vikjo Bad.


Fullspekka hotelloppleving – frå frukost til kvelds

Nyt ein frisk og deilig frokostbuffet, før du lar måltidet synka, ruslar tilbake til rommet ditt, og ikler deg den mjuke badekåpa og hotelltøflene. Spaser tørrskodd frå hotellrommet ditt og ned til den nye bassengavdelinga, og tre inn i ein heilt eigen atmosfære. Med basseng, massasjedusjar, vannkanon, swimjet, varmesteinar og badstu kan me garantera at spakjensla snik seg innpå, og blir verande lenge. Og me vert overraska dersom ikkje skuldrene senker seg skikkelig.

Når kroppen er mett på spa og svolten på mat, kan du toppa den fantastiske hotellkjensla med ein tur til Brasserie 59° eller Sushi 59° , kor kulinariske opplevingar, kortreist meny og smakfulle retter ventar. Fortsett gjerne opplevinga i Bar 59°, kor du kan nyta forfriskande drinkar og ein avslappa atmosfære. Rusle tilbake til den deilege og nyoppredde hotellsenga di, som set prikken over i-en på hotellopplevinga.

Opningstid

Måndag til sundag, kl. 08:00 – 21:00


Bur du ikkje på hotellet?

Sjølv utan å vera hotellgjest er du hjarteleg velkomen til Vikjo Bad. Me tilbyr ulike pakkar der inngang til Vikjo Bad er inkludert. Unn deg eit lite avbrekk og skjem deg litt vekk – anten aleine, eller saman med andre som treng ny energi og senka skuldre.

Basseng

Påfyll & Bad

Kva med å kombinera Vikjo Bad og eit deilig måltid? Nyt vår hotellfrukost eller ein smårett frå à la carte menyen før eller etter turen i velværeavdelinga, og opplev at både magen og lykkelageret vert fylt skikkelig opp!

Vår inspirasjon

Inspirasjonen til Vikjo Bad kjem frå badevikene du finn i Sunnhordalandsbassenget og den maritime industrien som er så viktig for oss. Sjølv innandørs i varmen vil du få kjensla av det friske Sunnhordaland, med sine beroligande bølgeskvulp og flotte natur.