Nabolaget

Ting du kan oppleva i vakre Sunnhordland

«Fager og fin mellom fjordane blå» heiter det i hyllingssongen «Herlege Stordøy». Småbyen Stord er rik på både kulturliv og vakre naturopplevingar. Her har me samla eit knippe ting du kan oppleve på Stord og rundt i Sunnhordland.

Foto: Kjetil Fyllingen - Opplev Stord

Gruvemuseet Litlabø

Velkomen til ei av Noregs mest spennande gruver! Her kan du ta med heile familien på togtur og vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet, kombinert med føredrag og soger om arbeidsmetodar og gruveslusken sin kvardag. På sporvidde 600 mm køyrer det vesle gruvetoget, og det nyleg restaurerte lokomotivet «Geito» vogner med besøkjande 250 meter over uteområdet og eit stykke inn i fjellet. Heishuset, som i si tid romma maskineriet for sjaktheisen, er omgjort til utstillings- og forsamlingslokale.

Turane høver for både ungar og vaksne.

http://www.gruo.no

Kristornskogen Golfpark

Kristtornskogen Golfpark på Stord, distriktets første Pitch & Putt golfbane. Bana ligg i naturskjøne omgivnader ca 2 km frå Leirvik sentrum, i umiddelbar nærleik til Aker Stord. Dei 9 hola (2 utslag per hol) som bana består av, strekk seg frå 29 – 90 m, og er både kjekk og utfordrande å spela.

Me vil ønskja Dykk hjarteleg velkomen til ei golfoppleving litt utanom det vanlege.

kristtornskogengolf.no
Slåtterøy Fyr
Geoparken Sunnhordland

Geopark Sunnhordland

Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på ein svært rik og variert geologi som har prega både regionen og Vestlandet i oppsiktsvekkande grad. Geologien vår har sogar sett sitt preg på København og St. Croix i Karibien.

Geopark Sunnhordland fekk status som UNESCO Global Geopark i mai 2023. Geoparken formidlar vår rike geologi, kultur- og landskapshistorie for deg som gjest og oss som bur her.

https://www.geoparksunnhordland.no/
Skateboard

Stord Kulturhus

Teater, konsertar, kino og symjehall er noko av kva du kan få oppleva i kulturhuset. Utanfor har Stord Kulturhus ein splitter ny skatepark og parkourplass.

stord.kulturhus.no
Sunnhordland Museum
Foto: Sol Fure - Visit Sunnhordland

Sunnhordland Museum – Leirvik

Sunnhordlandstunet består av elleve gamle hus i fredelege omgjevnader i Vidsteenparken. Her kan du oppleva både vakker natur og spanande fortid, berre nokre minutts gange frå Leirvik sentrum. Museet har fleire utstillingar og «escape room».

sunnhordland.museum.no
Kystoppleving

Kystoppleving

Bli med Venemøy i sommar på båtturar gjennom Sunnhordlandsbassenget. Her kan ein oppleve ein unik tur til fiskeværet Espevær med matoppleving på Gamleposten 5444.

https://www.kystoppleving.no/
Storddøra
Foto: Hanne Trettsveen - Visit Sunnhordland

Storddøra

Den 18 meter høge installasjonen Storddøra ligg godt synleg ved innseglinga til Leirvik hamn. Storddøra er laga av kunstnaren Sissel Tolaas og har 20 innebygde propellar som roterer i vinden og blenkjer i sola. I tillegg finn du Amatøranes Meister-apparata på ved «Storddøra» klar for ei ny sesong!

Storddøra

Fitjar Islands

Lengst vest, der djupe Vestlandsfjorder møter den forblåste skjærgården – der ligger Fitjar Islands produksjonslokaler. Blant værharde holmer og skjær lages det håndverkssåper og designes dufter inspirert av naturen.

Finn ut meir
Foto: Bodil Haga - Visit Sunnhordland

Hystadmarkjo

Dette er ein godt tilrettelagt og grusa tursti som eignar seg for alle. Løypa er om lag to kilometer kvar veg. Langs heile løypa er det sett opp informasjonstavler som fortel om natur, kultur, miljø og friluftskvalitetane i området. Stien passerar like etter startpunktet i båthamna langs steingarden til kolerakyrkjegarden. Små sandstrender ligg mellom bergknausar og tett, velduftande skog. Her kjenner ein sjølufta og eimen frå fureskogen i same andedrag.

Du kan starte på fleire stader. Ved båthamna i Sævarhagen eller ved Apply (Leirvik Sveis) på Storhaug.

Hystadmarkjo

Eventyrskogen – Landåsen

Flott turveg på grus, løypa rundt Landåsen med mange gode og gamle eventyr. Du kan starte på parkeringsplassen på Vabakkjen. Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard. Orienteringsgruppa har òg merka ulike tursløyfer med eigne fargar på pålar og oversiktskart.

Passar for alle og spesielt heile familien.

Eventyrskogen
Engesund visningssenter

Engesund visningssenter

Sjå korleis oppdrett av laks blir drive. Du får sjå fisken i merden, smake på laksen som dei produsere, og kan ta ein tur med rib i det flotte øyriket som du seint vil gløyma.

Visningsanlegget ligg i Fitjarøyane nord for Engesund og er plassert ved oppdrettsanlegget på austsida av Dyrholmen. Sidan dette er eit matfiskanlegg som ligg på sjø, er ein avhengig av båt for å kome seg dit. Ein kan anten kome med eigen båt, eller me kan hente dykk i våre eigne hardribbar «Nylei» eller «Luso». Turen i seg sjølv er ei oppleving, og ein kjem nær sjøen og naturen i det flotte øyriket utanfor Fitjar.

engesund.no

Brilleriet

Velkomen til ein unik brillebutikk i hjarta av Leirvik Sentrum. Brilleriet ønskjer å gi deg ei god oppleving. Dei har spesialiserte optikarar som tar vare på augo dine, og skil seg frå dei store kjedane ved å tilby eit utval av briller som ikkje alle andre har. Brilleriet set pris på kvalitet og set god service i høgsetet.

brilleriet.com
Foto: Bodil Haga - Visit Sunnhordland

Ein spenstig tur til fjelltoppen Kattnakken

Her kan du gå opp Sherpatrappene på veg opp til Kattnakken 724 moh på Stord. Mange tusen store steinar er brukt for å byggja mellom 450 og 500 trappetrinn i Fossabrekko. Både på veg opp og på toppen er utsikten fantastisk. Her kan du sjå både øyene Tysnes og Huglo, isbreen Folgefonna og Kvinnheradsfjella.

Kattnakken

Galleri Giga

Hos Galleri Giga arbeider dei for at den besøkande skal få ei unik kunstoppleving, uansett kva utgangspunkt ein har. Du treng ikkje vera kunstkjennar for å få ei fin oppleving av kunst. Me er stolte av å vera bindeledd mellom dei verka som kunstnaren har skapt, og publikum.

Me håpar dørterskelen vår er lav, og at du kjem på besøk og opplever det me kan by på med alle dei fantastisk flinke kunstnarane me representerer.

gallerigiga.no

Elie Verkstad

Elie Verkstad er ein blomeverkstad som gir deg god kvalitet & kreative løysningar. Dei er ein totalleverandør som leverar det du måtte ønskje til einkvar anledning. I tillegg har dei eit breidt utval innan interiør, og fokus på nordiske produkt med eit unikt særpreg.

Dette er blomebutikken du må oppleva!

elieverkstad.no

Kattnakken

Bak det norske klesmerke, Kattnakken, finn vi, Silje Vatne Ersland – norsk grûnder, fotograf og designar, frå Stord. Produktspesialist på design av barneklede, hovudsakleg uteklede. Silje har vore produktutviklar for fleire anerkjente aktørar og har over 17 års erfaring.

Med størrelsar frå 74 cm til XXXL har Kattnakken regnklede for dei fleste. Regnkleda held frå 10.000 til 30.000 med mer vannsøyle, det kallar me: Regnklede som virkar!

kattnakken.no

Ådlandsvatnet

Flott turveg på grus rundt heile Ådlandsvatnet. Du kan starte på fleire stader. Ved Frugardselva (like ved Stord kyrkje) kan du gå oppover langs elva før du kjem til Ådlandsvatnet. Løypa er lyssett frå kl 23:00 til 06:00.

Passar for heile familien.

Finn ut meir
Foto: Visit Sunnhordland

Moster Amfi

Moster Amfi formidlar nasjonalhistorie frå vikingtida, kyrkjehistorie knytt til Moster Gamle Kyrkje og geologihistorie. I Amfisalen blir det heile året arrangert intimkonsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement.

mosteramfi.no

Anna R. Folkestad

Anna debuterte med bildeboka Henrik And på Samlaget i 2011.
Etter det laga ho tre bøker for dei aller minste om pingvinane Unni og Gunni.
Sidan Anna meiner at noko av det viktigaste ein kan lære seg å lese,
har ho også laga bøker i Samlaget si Leseland satsing.
Siste bok er Ulla, som handlar om ein sau som heiter…ja nettopp…Ulla

Sjekk gjerne ut dei koselege lokala hennar i Borggata

annafolkestad.no
Foto: Bodil Haga - Visit Sunnhordland

Halsnøy Kloster

Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling, som museum og ein aktiv kulturarena. Gjennom heile året finn du små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årlege «klosterdagen» med rikt program for store og små.

sunnhordland.museum.no

Cruise i vakre vestlandsfjorder

Stig ombord i M/S Sunnhordland – HSD sitt historiske flaggskip i tida 1947 til 1973. Opplev ei historisk reise i det vakre kystlandskapet i Sunnhordland og resten av Vestlandet. Ombord finn du att den “klassiske cruisekjensla” frå svunnen tid. I skipets intime restaurant får du servert måltid og drikke av ypperste klasse. I skipet sin fullutrusta bar skal det ikkje mangle noko. Her blir det beste frå gamal og ny tid sameina i ei oppleving du aldri vil gløyme.

mssunnhordland.no

Hummarparken – Espevær

Hummarparken på Espevær er den største i sitt slag i Noreg.
Eit unikt byggverk i tre og blikk med dei ulike takhøgdene og utbygga. Ein katedral for «havets kardinal» hummaren.

Hummarparken vart bygd i 1887 av Chr. Bjelland, Stavanger. Han har eit grunnareal på 950 km2. Taket er på 1500 km2. Ta turen inn i parken på flåten! Parken blei brukt som mellomstasjon mellom fisker og kjøparar på Kontinentet og England. Chr. Bjelland sin lokale oppkjøpar kjøpte hummar frå fiskarane, mata og stelte den, pakka og eksporterte den.

Hummarparken

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Baroniet er mellom anna kjent for den storslåtte landskapsparken med rosehagen og for eit rikt kulturprogram med konsertar, borggårdsteater, foredrag og kunstutstillingar.

Hyggjeleg hagekafe like ved urtehagen.

baroniet.no

Langfoss

Det femte høgaste fossefallet i Norge.

Langfoss er stemt fram som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel, og har eit fall på 612 meter. Langfoss er også et av det femte høgaste fossefallet I Noreg!

Langfoss ligg midt i Åkrafjorden, og du kan sjå han frå E134. Det er rasteplass og kiosk ved fossen. Her kan du stoppe opp for å sjå nærare på fossen og ta fine bilde. Du kan også gå trappene som fører deg ned til Åkrafjorden. Her kjem ein veldig nær fossen og kan føle på energien frå det høge fossefallet.

Langfoss

Trollkrabben

Trollkrabben er ein liten og triveleg fiskebutikk som ligg sentralt midt i sentrum på kaien i Leirvik. Alle råvarer er kortreist, då dei alltid handlar hos lokale leverandørar.

Hos Trollkrabben kan du sitje ned og nyta ei god fiskesuppe, eller ta med deg nokon av dei verdskjente fiskekakene ut på kaia.

facebook

Midtfjellet Vindmøllepark

Midtfjellet Vindpark ein av dei aller største i sitt slag i Noreg, med sine 44 vindmøller. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt og ein flott plass å ta gode bilde. Utsikten mot Fitjarøyane er også vel verd besøket. Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt.

Vindparken kan du nå gjennom eit utal av stiar frå ulike delar av Fitjar kommune. Ynskjer du å nytta hovudvegen inn i parken, tek du av frå riksveg 545 ved Rimbareid, om lag 1,5 kilometer sør for Fitjar sentrum.
Det er asfaltert vei opp til vindmølleparken med parkering til ca. 50 bilar. Her køyrer du heilt opp til fjellet, kor du går rett ut på 27 km med grusvei. Vegene mellom vindmøllene er merka med nummer.

midtfjellet.no

Peparen

Peparen er ei lita skogskledd øy som ligg i Skånevik. Det er gangbru ut til øya, der du finn flotte moglegheiter for å raste. Både på vegen ut til Peparen og på sjølve øya finn du flotte motiv for bilde. På øya er det både fin sandstrand og stupebrett.

Peparen

Snor

SNOR er ein unik merkevarebutikk som ligg midt i Leirvik sentrum. Du finn dame- og herreklede frå kjende merker som Holzweiler, Gestuz, Mads Nørgaard, By Malene Birger, Morris, samt fleire skomerker som ARKK, Asfvlt og Superga. Hos SNOR får du fantastisk service og produkt av topp kvalitet.

snorbutikk.no
Spabehandling med varme steiner i behandlingsrom.

Velværetunet

Velkomen til Velværetunet spa og behandlingssenter. Dei kan tilby 140 kvm med velvære for kropp og sinn i rolege og fine omgjevnader. Her kan du nyta alt frå da enklaste til De lux behandlingar for ansikt og kropp med deilige produkt frå Thalgo La Beaute Marine, Dr. Schrammek, Glo Skin Beauty, samt ulike spapakkar med dei beste ingrediensar frå havet. Slit du med ømme musklar, stress, sliten hud, ønskjer makeup eller bare treng eit friminutt i kvardagen? Ja, då er det berre til å ta kontakt med dei.

velveretunet.no

Ryvarden Kulturfyr

Å besøke Ryvarden Kulturfyr utan å kjenne at naturen og dens krefter påverkar kropp og sjel er ikkje mogeleg. Neset fyret ligg på, strekker seg ut i havet som for å bera deg lengst mogeleg ut i den storslåtte opplevinga av møtet mellom hav og himmel. Om hauststormane herjar og du nærmast må legge deg på vinden her ute, eller om havet ligg blikk stille, kryp inntrykka inn under huden og vert verande.

Ryvarden Kulturfyr
Slåtterøy Fyr
Geoparken Sunnhordland

Slåtterøy fyr

Heilt nord i Bømlo ligg Slåtterøy fyr – ytterst ved Fitjarøyane. Der har det vist veg inn i Selbjørnsfjorden og vidare langs leden inn mot Bergen sidan 1859. Slåtterøy fyr ligg og strategisk til i forhold til den gamle handelsstaden Brandasund på Gisøya, naboøya i sør. Særleg under sildeperioden på 1800–talet var dette ein viktig plass for fiskarar som kom for å hauste av havet ute på Sørafeltet. Fyrstasjonen ligg på øya Slåtterøy ved Brandasund.

Havrafting frå Brandasundet gjer deg frisk sjøsprut, høge bølgje, rullande dynjingar eller spegelblankt hav. Opplev fart, spanande historier og vakker natur. Kontakt Venner av Slåtterøy fyr for info rundt omvisning og ribbtur.

Slåtterøy fyr

Stord Maritime Museum

Stord Maritime Museum ligg på Nattrutekaien, og syner Sunnhordland si industrielle, maritime historie dei siste 100 åra. Ei stor motorsamling donert av brørene Oma og ei rekkje minnerike gjenstandar frå HSD si fartstid er å finna her. Museet har kafe og aktivitetar for born.

visitsunnhordland.no

Stovegolvet

Ta turen til Stordafjellet – Namnet Stovegolvet kjem ifrå den store flata som openberrar seg på toppen, her er det like flatt og breitt som heime i stova. Her har Turlaget restaurert eit Tårn som er eit landemerke og verdt turen i seg sjølv.

Stovegolvet

Vikingspor i Sunnhordland

Sunnhordland er vikingland. Spora og minna er mange i øyane og landet mellom Ryvarden, Folgefonna og Reksteren. Moster, Fitjar, Njardarlog, Etne og Sveio, alle er namn som hyser vikinghistorie av stort format.

Sjå denne artikkelen for å få eit lite innblikk i interessante stader du kan besøkja og hendingar i vikingtida, om du interesserer deg for denne epoken i norsk historie.

Finn ut meir