Ledige stillingar
Stord Hotell er eit moderne forretnings- og konferansehotell med særpreg. Hotellet har 172 hotellrom og ligg midt i hjarta av Sunnhordland, på Leirvik, med nydeleg utsikt over heile Sunnhordlandsbassenget. Me er stolte av våre moderne konferanse- og selskapsfasilitetar, lekre lokale, eit kreativt og spennande kjøken, samt rause tilsette som er lidenskapeleg opptekne av å gje gjestene dei beste opplevingane. Vil du bli ein del av vårt hotellteam?
Me søker Sous Chef/Kokk – 100% stilling
Arbeidsoppgåver:
✓ Produksjon og service til Brasserie & Bar 59º, selskapsavdeling samt anna mattilbod på hotellet
✓ Ansvarleg skiftleiar som leiar og fordeler arbeidet for kjøkkenet
✓ Bidra med innkjøp og kontroll av varelager
✓ Delta i menyplanlegging og opplæring
✓ Ivareta gode rutinar, samarbeid på kjøkkenet og med andre avdelingar
✓ Vask og reinhold av kjøkkenfasilitetar iht IK-mat/ HACCP
Me treng deg som:
✓ Har fagbrev som kokk, med erfaring frå hotell-/ restaurantkjøkken
✓ Har stor interesse og kunnskap om mat
✓ Fleksibel og løysningsorientert
✓ Ein god lagspelar og er serviceinnstilt
✓ Ansvarsbevisst, profesjonell og nøyaktig
✓ Kunne etterleve krava i IK- Mat/ HACCP
✓ Beherskar skandinavisk og / eller engelsk munnleg og skriftleg
Me kan tilby:
✓ Konkurransedyktig lønn og betingelser
✓ Pensjons- og forsikringsordning
✓ Kjekt arbeidsmiljø og gode kollegaer
✓ Oversiktleg turnusordning der du arbeider ei veke på tidlegvakt og ei veke på seinvakt
Stillinga er fast frå 1. november 2026
For meir informasjon om stillingane ta kontakt med kjøkkensjef Magnus H. Kvalnes.

Søknadsfrist: 30. september
Kjøkkensjef Magnus H. Kvalnes
Tlf: 41194857
Me søker servitør – ekstrahjelp
Er du serviceinnstilt, effektiv og liker å skapa god stemning? Me ser etter servitør og bartender som kan bidra til å gi gjestene våre ei førsteklasses oppleving!
Me ser etter deg som:
✔️ Har eit blikk for god service og liker å jobba med menneske
✔️ Er rask, fleksibel og påliteleg
✔️ Har interesse for mat og drikka
✔️ Trives i eit hektisk miljø og jobbar godt i team
Arbeidstid: Kveld og helgar
Erfaring frå bar eller servering er ein fordel, men me sørgjer for opplæring! Vil du bli ein del av teamet vårt? Send oss ein søknad eller tips nokon du trur passar perfekt!


