Eit besøk du vil hugse!

Om Stord Hotell

Midt i mellom Bergen og Stavanger

Stord Hotell er eit naturleg startpunkt anten ein reiser i jobbsamanheng eller for å oppleve Sunnhordland sin natur og kultur. Hotellet opna i 1971, og har sidan då vore utbygd i fleire trinn, seinast i 2010. I dag framstår Stord Hotell som eit moderne forretnings- og konferansehotell med sjarm og særpreg.

Hotellet har i dag 172 rom av ulik storleik og standard, 8 fleksible konferanserom med kapasitet til inntil 325 personer, egen velværeavdeling med basseng og treningsrom kor alle gjester har fri adgang. Me kan og by på ein stor parkeringsplass der det er gratis å parkere.

Uansett årstid eller tid på døgnet vert du møtt med ein lun og triveleg atmosfære på Stord Hotell. Me ynskjer alle våre gjester ein betre kvardag, anten du reiser i jobb eller på fritida, er på kurs eller konferanse, eller har noko å feire.

Frå måndag til laurdag byr me kvar ettermiddag våre gjester på frisk frukt og noko å bite i, og du kan forsyna deg med ferskbrygga kaffi og te heile døgnet alle dagar.


Kart

Avstander

Bergen – Stord

Hurtigbåt: 1 time 30 minutt
Bil/buss: 2 timar 30 minutt

Oslo – Stord

Fly: 45 minutt
Bil: 7 timar

Stavanger – Stord

Bil/buss: 2 timar 30 min

Haugesund – Stord

Bil/buss: 50 min

Reise

Rutetider


Opplev Stord

Få ein smakebit av kva me har å by på

Hund på hotellrom

Hos oss er kjæledyr velkomne!

Me har hotellrom til deg som vil ta med sin firbente venn på miniferie. Hugs å gi oss beskjed, slik at me kan sikra deg eit av våre dyrevennlege rom. Det koster kr. 300,- ekstra og inkluderar hundeseng, matskåler og ekstra reingjøring ved utsjekk.

Hotellavtalar

Har du og firmaet ditt mange reisedøgn til Stord?

Me kan tilby fordelaktige firmaavtalar i samband med overnatting eller konferanse. Ta kontakt med oss for meir informasjon og eit uforpliktande tilbod.

Hotellsjef

Etiske krav for leverandørar til Stord Hotell

Det er ikkje alltid like lett å trå rett i ein travel kvardag, og difor har me utarbeidd etiske retningsliner for våre leverandørar og alle deira leverandørledd. Desse dekkjer nøydsynte krav til menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø og er basert på internasjonalt anerkjente FN- og ILO-konvensjonar.

Retningslinene sikrar at produksjonen av dei varene og tenestene me brukar, føregår i respekt for menneske og miljø. Dei viser heilt enkelt kva vi forventar oss av leverandørar & samarbeidspartnarar og kva du som gjest kan forvente deg av oss som verksemd.»