Bryllaup

Til duk og dekka bord

Ingenting er som ein bryllaupsfest i kystperleriket – midt i hjarta av Sunnhordland.

Stord Hotell har lang erfaring som vertskap for bryllaup i alle storleikar og me dekker gjerne opp til fest i eit av våre hyggelege bryllupslokaler. Detaljar er viktige i høve store feiringar, og våre erfarne tilsette gjer alt for å legga til rette for at denne store dagen skal bli ei uforgløymeleg oppleving for dykk og dei inviterte. Me ordnar med oppdekking, blomar og servering. Alt de treng å tenkje på er å ta med bordkort og gjester.


Matoppleving

De kan anten velje frå vår velsmakande bryllaupsmeny eller saman med vår kjøkkensjef skreddarsy ein meny etter eige ynskje. Me inviterer brudepar til prøvesmaking av den valde bryllaupsmenyen, med tilhøyrande vinar ved tinga bryllaup.

Selskapslokale

Hos oss er moglegheitane mange

Me har fleire flotte og fleksible bryllupslokaler. I ein varm og lun atmosfære vert lokale ein perfekt ramme rundt den store dagen. Me skreddarsyr di feiring slik at dagen vert akkurat slik du ynskjer.

Bryllup

Brudesuite

Overnatting

Me har 172 flotte hotellrom med gode senger til hyggelege prisar om de får gjester langvegsfrå som treng overnatting.

Me spanderer brudesuite med ei hyggeleg helsing frå oss og frukost på rommet dagen etter bryllaupsfesten ved feiring på minimum 50 gjester.


Brudepar med gjester er hjarteleg velkomne til bryllaupsfeiring på Stord Hotell heile året.