
Vikjo Bad
Bur du ikkje på hotellet?
Sjølv utan å vera hotellgjest er du hjarteleg velkomen til Vikjo Bad. Me tilbyr ulike pakkar der inngang til Vikjo Bad er inkludert. Unn deg eit lite avbrekk og skjem deg litt vekk – anten aleine, eller saman med andre som treng ny energi og senka skuldre.

Lunsj & Bad
Kva med å kombinera lunsj og Vikjo Bad? Nyt ein lett lunsj før eller etter turen i velværeavdelinga, og opplev at både magen og lykkelageret vert fylt skikkelig opp!
Kr. 450,- per person
Inkl. badekåpa, handkle og lett lunsj.
Kan bookast kvar torsdag og fredag mellom klokka 11:00 til 16:00.

Påfyll & Bad
Nyt ein deilig smårett i Bar 59°, etterfulgt av ein tur i Vikjo Bad for å verkeleg oppleva endorfiner, velvære og ny energi.
Kr. 495,- per person
Inkl. badekåpa, handkle og ein valfri smårett frå à la carte menyen.
Kan bookast kvar torsdag og fredag frå klokka 16:00 til 18:00.


