Vikjo Bad

Bur du ikkje på hotellet?

Sjølv utan å vera hotellgjest er du hjarteleg velkomen til Vikjo Bad. Me tilbyr ulike pakkar der inngang til Vikjo Bad er inkludert. Unn deg eit lite avbrekk og skjem deg litt vekk – anten aleine, eller saman med andre som treng ny energi og senka skuldre.

Vikjo Bad

Frukost & Bad

Start dagen med ein herleg hotellfrukost og ta eit forfriskande bad i velværeavdelinga vår etterpå!

Kr. 395,- per vaksen
Inkl. frukostbuffet, badekåpa og handkle.

Kr. 295,- per barn
Inkl. frukostbuffet og handkle.

Det kan bookast badepakke kvar måndag til fredag frå klokka 8:00 til 11:00. Frukostbuffet vert servert fram til kl. 10:00 kvar dag.

Påfyll & Bad

Nyt ein tur i Vikjo Bad for å verkeleg oppleva endorfiner, velvære og ny energi. Etterfulgt av ein deilig smårett i Bar 59.

Kr. 495,- per vaksen
Inkl. badekåpa, handkle og ein valfri smårett frå à la carte menyen.

Det kan bookast badepakke kvar måndag til torsdag frå klokka 14:00 til 17:00.