Einsamt juletre

Gjer noko lite for noko stort!

Me er så glad for å gå i gong med årets viktigaste juletradisjon. Me vil gjer juletida litt lysare for dei som treng det mest. Ved hovudinngangen på hotellet står juletreet vårt, og under dette ønskjer me å samle inn gåver til born og unge på Stord.

I samarbeid med Stord-Fitjar Lions Klubb vert gåvene me får samla inn til ønskjetreet delt ut til nokon det vil bety ekstra mykje for!


Gje ei gåve!

Alle som vil bidra med julegåve til ønskjetreet vårt er hjarteleg velkomen til å hente hjarta frå juletreet kvar dag frå 1. til 18. desember!

Korleis bidra

  • Kom innom og hent eit ønskjehjarte frå treet frå 1. desember.
  • Kjøp ei gåve ut i frå kjønn, alder og ønskje på kortet.
  • Besøk hotellet att innan 18. desember, og legg julegåva
    under juletreet med ønskjehjarte godt festa på pakken.

Har du ikkje høve til å komma innom hotellet og henta hjarte? Send ei melding til tlf: 45137375, og me sender deg eit bilde av eit av hjarta.

Juletreet vårt ventar på deg – Varmt velkomen!