Velkomen til 17.mai feiring på Stord Hotell

No kan ein reservere bord til nasjonaldagen. Me lovar fin 17. mai stemning med god plass og deilige smakar. Dette er dagen me kan kosa oss med god samvit!

Tradisjonen tru set me opp ein fargerik og vårleg 17. mai buffet med alt det gode som høyrer sesongen og anledninga til!

Buffeten står dekka frå klokka 12:00 til 15:00.

Kr. 695,- per vaksen / Kr. 345,- per born (4 – 12 år)


Våre kokkar set saman ein velfylt kaldmatbuffet som bugnar av friske salater og herlege kaldretter. Me serverer varmmatbuffet med langtidssteikt okselår, samt ulike fisk- og kjøtretter. Helt til slutt står det klart eit freistende dessertbord med alt det gode som høyrer anledninga til!

Varmt velkomen!