Kampanjer

Sommar & Ferietid

Svømmebasseng

Bad i gode opplevingar, herlege fasilitetar & vårt nyopna basseng!

Ønskjer du å balansera ferien din med eit svingande slag golf, ein flott fjelltur, adrenalinfylt havrafting eller kanskje ei av Noregs mest spennande gruver? Med kystbyen Stord har du eit perfekt utgangspunkt til spennande opplevingar for heile familien.


Suite

Livet skal levast og nytast

Med Stord som utgangspunkt, bur du og dine inviterte midt i «matfatet Sunnhordland». Regionen har nemleg ein rik flora av små og større produsentar som tilverkar saltmat, søtmat og leskande dropar basert på råvarer og foredlingskunst frå havet, fjordane, gardane og bygdene rundt oss. Våre kokkar veit å hausta frå det lokale matfatet.


Ulike hotellpakkar

Ferie

Familierom

Ferie med dei minste

Ta med deg familien til Stord i sommar og bu på Sunnhordlands største hotell. Her er det kort avstand til spennande opplevingar for heile familien.

Hotellpakken inkluderar:

  • Ein overnatting i familierom (opptil 2 vaksne + 2 barn)
  • Velkomst og isbong til barna ved innsjekk
  • Frukostbuffet i Brasserie 59°
  • Inngang Vikjo Bad
  • Parkering

Kr. 1695,- per døgn

Opplev vakre Sunnhordland

Smaken av sommarferie

Med Stord som utgangspunkt, bur du og dine inviterte midt i «matfatet Sunnhordland». Her er det også kort avstand til småbyens mange tilbod.

Hotellpakken inkluderar:

  • Ein overnatting i superior dobbeltrom
  • 3 – rettars middag
  • Frukostbuffet i Brasserie 59°
  • Inngang Vikjo Bad
  • Parkering

Kr. 1195,- per person

Som regionsenter, er Stord eit fantastisk utgangspunkt for å utforska alt resten av Sunnhordland har å visa fram mellom havet i vest og isbreen i aust.

Sov godt

To rom vegg i vegg

Reiser du med større barn? Sov ekstra godt med to hotellrom att med kvarandre.

Hotellpakken inkluderar:

  • Ein overnatting i standard dobbeltrom – to hotellrom vegg i vegg
  • Frukostbuffet i Brasserie 59°
  • Inngang Vikjo Bad
  • Parkering

Kr. 1995,- per døgn

Suite

Småbyferie

Summer upgrade!

Velkomen til ei overnatting med det vesle ekstra. Ta litt ekstra godt vare på deg sjølv, og bu på nokon av våre beste hotellrom i sommar.

Hotellpakken inkluderar:

  • Ein overnatting i suite
  • Tidlig innsjekk og sein utsjekk
  • Sjokoladevelkomst på rommet
  • Frukostbuffet i Brasserie 59°
  • Inngang Vikjo Bad
  • Parkering

Kr. 1045,- per person


Pakkane kan bookast i perioden frå 17. juni til 14. august. Tilbodet kan ikkje brukast i samband med andre kampanjar. Noko du lurer på? Ta kontakt med vårt bookingteam på 53402500 eller booking@stord-hotel.no