Saman skaper me gode minner

Dåp & Navnefest

Dåp eller navnedagen er den viktigaste merkedagen i eit lite barn sitt liv og selskap knytt til denne dagen kan vere godt å setje bort til andre, slik at stolte foreldre får tid og overskot til å nyte feiringa. Stord Hotell har lang erfaring og me skapar det vesle ekstra for å markera ein minneverdig dag. Om de ynskjer ei dåpsfeiring med god servering og avslappa atmosfære er Stord Hotell eit godt val.


Hos oss er moglegheitane mange

Me har fleire ulike selskapslokale, som passar til både små og store feiringar. Våre medarbeidarar har lang erfaring og hjelp deg med å planlegga etter dykkar ynskje. Usikker på kva som passar for deg og dine inviterte?

Menyane inkluderer

Selskapsoppdekking som passar lokalet, lokalleige,
servitørar og teknisk assistanse. De står fritt til å pynte bord og selskapslokale
etter eige ynskje. Gåvebordet står klart 1 time før selskapet.