Tilbake til Julebord

Eit velsmakande pusterom i julestria

Førjulstida kan vera hektisk for mange og då kan det vera godt med eit lite avbrekk. Lat oss stå for julefrukosten, julelunsjen eller julemiddagen, og ta med deg sjølv, familien, kjærasten, kollegaene eller vennegjengen på ekte førjulskos i Brasserie 59°.

Har dykk tid og lyst etter maten, kan dykk gjerne fortsetta førjulskosen i Bar 59° – der vår pianist i heile november og desember gir deg tonefølge seks dagar i veka.


Førjulstid

Julas à la carte

I Brasserie 59° tek me vare på gode, norske julemattradisjoner. Her finn du alt du kan tenkje deg av julemat – og litt til.

Måndag til torsdag kvar veke
15. november – 18. desember

Velkomen til Brasserie- og Bar 59° – staden for kulinariske og koselege treff!


Førjulstid

Julelunsj

Kjensle av jul i Brasserie 59° med gode kollegaer eller kundar. Me serverer ein smakfull 2 – retters julelunsj måndag til fredag frå kl. 12:00 til 15:00.

Kr. 495,- per person

Julelunsj frå 29. november til 16. desember. Hugs tinging av bord på førehand.


Førjulstid

Tysdagsjulebord

Vår populære julebuffet står klar i Brasserie 59° tysdag 7. og 14. desember. Juleretter med pinnekjøtt frå Lundal, nysteikt ribbe, andebryst, sushi og det aller beste sesongen kan by på av annan sjømat, er berre noko av det du finn på menyen.

Kr. 695,- per person
Inkl. buffet, live musikk og parkering

Velkomen til hyggeleg julesamling i trygge rammer for deg og dine inviterte!


Førjulskos

Festive -Afternoon Tea

Laurdag 20. november og 18. desember diskar kjøkenet opp med 3 juleinspirerte etasjar. Her vert det servert mange av julas salte og søte favorittar. Det vert «festive» rykende varm te og flott julemusikk.

Kr. 525,- per person
inkl. aperitiff, mat, te og live julemusikk

Velkomen til ei hyggeleg julesamling saman med deg og dine inviterte!


*Grupper frå 10 personar

Lutefisk

Lutefisk er for mange ein tradisjon før jul, saman med ertestuing, steikt bacon, sennepssaus og mandelpotet. God lutefisk trenger førebuingar, og me vil gjerne ha bestilling 1 til 2 dager i førevegen.

*

Kr. 525,- per person (2x servering)