
Smak av jul i Brasserie 59°
Jula handlar mykje om å vera saman og dela fine stunder. Kva er betre enn å avrunda året med eit velsmakande pusterom i julestria?
Tradisjonen tru, inviterer me til eit julepynta hotell frå tysdag 14. november til fredag 22. desember.

Førjulskos
Julas à la carte
Den gode matopplevinga står sjølvsagt i sentrum på årets à la carte meny. Anten du føretrekkjer kjøtt, fisk eller vegetariske alternativ. Få til ei hyggelig julesamling med deg og dine hos Brasserie 59°.
Førjulskos
Kjensle av jul
Ønskjer du å gjera kvelden ekstra spesiell, kan det førehandsbestillast ein velsmakande 3 eller 4-retters meny.
Røykt andebryst frå Holte-Gård med sylta grønnsaker, rista pekannøtter og grønkål
Ovnsbakt torsk med grov ertepurè, bacon, granateple og sennepsaus
Filet av reinsdyr med pastinakkpurè, sautert rosenkål- og sopp, ovnsbakte poteter og sjysaus med appelsin
Vegansk «andebryst» av sellerirot, sautert rosenkål- og sopp, ovnsbakte poteter og appelsinsaus
Haustens multer med krumkake og krem
3-retters kr. 845,- / 4-retters 995,- per person
