Kom i julestemning på Stord Hotell

Jula handlar mykje om å vera saman og dela fine stunder. Etter ei høgst spesiell tid, der mange har sett mindre til kollegaer, familie og vener, kan det derfor vera ekstra fint å avrunda året med eit stemningsfullt julebord.

Tradisjonen tru, inviterer me julebordsgjestene våre til ei førsteklasses oppleving i eit pynta hotell frå fredag 26. november til laurdag 11. desember.


Tradisjonell julebuffé

Den gode smaken av jul

Den gode matopplevinga står sjølvsagt i sentrum av julebordet. Her har kjøkkenet komponert eit tradisjonelt julebord med utgangspunkt i dei beste lokale råvarene. Juleretter med pinnekjøtt frå Lundal, nysteikt ribbe, andebryst, sushi og det aller beste sesongen kan by på av annan sjømat, er berre noko av det du finn på menyen.

Live musikk

Topp stemning

Etter eit festleg måltid kan du og gjestene dine trekka ut i Bar 59° og salongen, der «Remi og Marius Sjo must go on» spelar opp til ein uforgløymeleg kveld. Etter fjorårets suksess med duo i Bar 59° garanterer me topp stemning!

Kr. 1095,- per person

Aperitiff + Julebord + Live musikk + Parkering

Drøym deg vekk

Anten du er fastbuande eller tilreisande, kva er meir freistande enn å krypa opp i ei herleg hotellseng for ei god natts søvn etter at julebordet er avrunda? Gi deg og dine inviterte ein magisk miniferie – julebord med overnatting, og kanskje best av alt: Når du vaknar ventar ein rikhaldig julefrukost på deg nede i
Brasserie 59°

Frå kr. 1695,- per person

Aperitiff + Julebord + Live musikk + Overnatting + Julefrukost + Parkering

Eige lokale

Me skreddarsyr ditt julebord

Hos oss er moglegheitane mange for julebord i alle former. Me har mykje plass, og i eit av våre store og luftige lokale kan ein ha eige lokale til julebordet. Slit du med å samla tankane, ta gjerne kontakt med oss så designar me ditt unike, eventyrlege julebord saman.