Hotellpakkar

Bad i gode opplevingar, herlege fasilitetar & vårt nydelege basseng!
Ønskjer du å balansera opphaldet din med eit svingande slag golf, ein flott fjelltur, adrenalinfylt havrafting eller kanskje ei av Noregs mest spennande gruver? Med kystbyen Stord har du eit perfekt utgangspunkt til spennande opplevingar for deg og dine inviterte.
Livet skal levast og nytast

Med Stord som utgangspunkt, bur du og dine inviterte midt i «matfatet Sunnhordland». Regionen har nemleg ein rik flora av små og større produsentar som tilverkar saltmat, søtmat og leskande dropar basert på råvarer og foredlingskunst frå havet, fjordane, gardane og bygdene rundt oss. Våre kokkar veit å hausta frå det lokale matfatet.



Hotellopplevingar

Ting du kan oppleva i vakre Sunnhordland

Sommar
Opplev Sunnhordland
Som regionsenter, er Stord eit fantastisk utgangspunkt for å utforska alt resten av Sunnhordland har å visa fram mellom havet i vest og isbreen i aust. På Stord kan du nyta småbyens mange tilbod og aktivitetar, korte avstander og eit herleg opphald på Stord Hotell.
Gruvemuseet på Litlabø
Bli med på spennande vandringar inne i dei tronge gruvegangane i fjellet.
Finn ut meirAktivitetar
Planlegg du ein tur til Stord i sommar? Då har du mykje å gle deg til! Øya bugnar av opplevingar. Utforsk dei mystiske gruvene på Litlabø, test samarbeidsevna i Escape Room på Sunnhordland museum, og prøv dei populære Amatøranes Meister-apparata ved Storddøra. Barna vil elske Gropo aktivitetspark ved kulturhuset, og for dei badeglade lokkar Stord Hotell med velværeavdeling og basseng – perfekt for ei avslappande pause i ferien.
booking@stord-hotel.no
(+47) 534 02 500
Kjøtteinsvegen 67, Leirvik
5411 Stord
Norway
Noko du lurer på? Høyr med oss, så
kan me planleggje for eit fortreffeleg weekendopphald, feiring for familien,
eller berre ei avkobling for deg og den du er glad i. Ta kontakt med vårt hyggelege bookingteam i dag!

