Laurdag 7. oktober

Haustmarknad

Velkomen til ny Haustmarknad på Stord Hotell – laurdag 7. oktober.

Med hovudfokus på mat har me invitert ulike lokalmat- og drikke produsentar. Her får du moglegheit til å bli betre kjend med lokale produsentar i buene sine, og kjøpa dei fantastiske produkta deira. Det vil bli smaksprøvar, underhaldning for borna og mykje meir!

Kvar årstid har sjarmen sin, også når det gjeld vêret. Hausten kan bli litt regntung i Sunnhordland, så alt vil føregå inne i hotellets lune og trivelege lokale. I Cafe 59° kan du bestille ulike småretter og varm drikke til ein hyggeleg lunsj.

Program finn du lenger nede


Lokalmat- og drikke produsentar

Bakstehuset på Spissøy – Fitjar Gardsmat – Bjørns bier – Sikje småbruk – Eplenakkjen Røykeri –
Vaagavatn – Lundemannsverk – Kombucha Mama


Brasserie 59°

Varm haustkveld

Vil du kombinera haustmarknaden med eit betre måltid? Vårt kjøkken er klar til å imponera dykk med gode lokale smakar frå haustens à la carte. Brasserie 59° er ope frå klokka 17:00.

Program 7. oktober

Kl. 12:00 🍯 Lokalmatmarknad og Cafe 59° opnar
Kl. 12:30 👪 Rebusløype med flotte premiar
Kl. 13:30 🎬 Underhaldning for borna
Kl. 15:00 🍁 Haustmarknad stengd
Kl. 17:00 🥕Haustens à la carte
Kl. 20:00 🎙 Live piano musikk i Bar 59°

Varmt velkomen!