Smak av jul i Brasserie 59°
Jula handlar mykje om å vera saman og dela fine stunder. Kva er betre enn å avrunda året med eit velsmakande pusterom i julestria?
Tradisjonen tru, inviterer me til eit julepynta hotell frå 12. november til slutten av desember.

Førjulskos
Julas à la carte
Den gode matopplevinga står sjølvsagt i sentrum av vår à la carte meny. Anten du føretrekkjer kjøtt, fisk eller vegetariske alternativ. Få til ei hyggelig julesamling med deg og dine hos Brasserie 59°.
Førjulskos
Julelunsj eller juleavslutning
I førjulstida tilbyr me både julelunsj, juletallerken og lutefisk i Brasserie 59°. Her kan du nyte tradisjonelle julerettar, anten du ønskjer ein hyggeleg lunsj med kollegaer eller samle familie og vener til eit godt måltid.
Hugs tinging av bord.


Førjulskos
Kjensle av jul
Vårt dedikerte kokketeam utarbeider ein fantastisk 4-rettars julemeny som kombinerer tradisjonelle julefavorittar med moderne smakar. Kvar rett vil bli laga med dei beste råvarene for å sikra ein julemeny av høgast mogleg kvalitet.

