Bryllupslokaler på Stord
Drøymer de om eit stort bryllup med alle de er glade i – eller eit lite og intimt bryllup med dei aller næraste? På Stord Hotell finn de moderne bryllupslokale for små og store feiringar, midt i hjartet av Sunnhordland.
Finn det rette bryllupslokalet på Stord

Det beste bryllupslokalet er ikkje det nødvendigvis det største – det er lokalet som passar dykk, gjestelista og bryllupet de ønskjer å skapa.
På Stord Hotell har me fleire selskapslokale i ulike storleikar og uttrykk. Det gir oss moglegheit til å skapa gode rammer rundt både det store bryllupet og den mindre, intime feiringa.



Bryllupslokale – Oseberg
Oseberg er eit av våre mest tradisjonsrike selskapslokale – eit klassisk og stemningsfullt lokale som har vore ramma rundt mange store feiringar gjennom åra.
Her har de god plass til å samla familie og venner rundt festdekka bord, med ei lun og høgtideleg atmosfære som passar perfekt til bryllup. Lokale har eige dansegolv og gode fasilitetar for både talar og underhaldning, slik at bryllupet enkelt kan gå over i fest utover kvelden.
Bryllupslokale – Gjøa
På toppen av Stord Hotell finn de Gjøa – vårt flottaste bryllupslokale. Med nyrenovert interiør i varme, elegante tonar, store vindauge og ei fantastisk utsikt over Leirvik og fjorden, ligg alt tilrette for ei heilt spesiell bryllaupsfeiring. Lokalet har direkte tilgang til terrassen.
Når middagen er over, kan lokalet enkelt gå frå bryllaupsmiddag til fest – med eige dansegolv og gode løysingar for musikk, talar og underhaldning.
Bryllupslokale – Vinstova
Drøymer de om eit lite bryllup med dei aller næraste? Vinstova er eit lunt og stemningsfullt lokale som passar perfekt for ei mindre og meir intim feiring. Sjølv om bryllupet er lite, kan feiringa sjølvsagt vera stor.
På Stord Hotell kan de samla heile bryllaupsfeiringa på éin stad. Me tilpassar meny og drikke etter dykkar ønskje, og har ulike bryllupslokale som passar både små og store bryllaup. Når festen er over, ventar gode senger på både brudepar og gjester – og kanskje ein roleg start på dagen med frukost og ein tur i bassenget.
Med stor, gratis parkering og alt samla under eitt tak, skal det vera enkelt å både arrangera og vera gjest i bryllaup hos oss.
I over 50 år har me fått vera med på små og store feiringar på Stord. Den erfaringa tek me med oss inn i kvart einaste bryllaup – med kvalitet og omtanke i alle ledd.
| Lite bryllup | Mellomstort bryllup | Stort bryllup | |
|---|---|---|---|
| Antall | 10–20 gjester | 20–80 gjester | 60–140 gjester |
| Me anbefaler | Vinstova | Gjøa | Oseberg |
| Passer for | Intimt og personlig | Klassisk bryllupsfest | Stor bryllupsfeiring |

