Nabolaget

Hystadmarkjo

Dette er ein godt tilrettelagt og grusa tursti som eignar seg for alle. Løypa er om lag to kilometer kvar veg. Langs heile løypa er det sett opp informasjonstavler som fortel om natur, kultur, miljø og friluftskvalitetane i området. Stien passerar like etter startpunktet i båthamna langs steingarden til kolerakyrkjegarden. Små sandstrender ligg mellom bergknausar og tett, velduftande skog. Her kjenner ein sjølufta og eimen frå fureskogen i same andedrag.

Du kan starte på fleire stader. Ved båthamna i Sævarhagen eller ved Apply (Leirvik Sveis) på Storhaug.