Menyer
Selskapsmeny
Ein kan anten velje mellom dei ulike menyane eller saman med vår kjøkkensjef skreddarsy ein meny etter eige ønskje.
Smaken av Kystperleriket
Kr. 745,- per kuvert
Fjord til gards
Kr. 795,- per kuvert
Menyane inkluderer
Selskapsoppdekking som passar lokalet, lokalleige,
servitørar og teknisk assistanse. De står fritt til å pynte bord og selskapslokale
etter eige ynskje. Gåvebordet står klart 1 time før selskapet.
Tillegg for lokale Gjøa i 9. etasje er kr. 4000,-
Vinar
Er det ynskjeleg kan me setje vinar til menyen
de har vald. Både kvite, raude og dessertvinar,
samt cognac og likør til kaffi. Skulle de ynskje andre vinar enn kva de finn på vårt vinkart, kan me hjelpe med å skaffe desse.
Kaffe og kaker
Til kaffe kan de ta med eigne kaker eller de kan
bestille kaker hos oss.
Kaffi & kakebuffet med medbrakte kaker kr. 80 p.p (Born gratis)
Alle medbrakte kaker må vere ferdig pynta på
fat i kakebomme med lokk.
Selskapsbar
Til dykkar selskap kan me tilby selskapsbar
med følgjande sortiment:
Cognac VS, Likører, Vodka, Whisky, Baccardi
og Gin.
Aperitiff – musserande med og utan alkohol.
Utvida sjenketid
Me har skjenking av øl og brennevin fram til
klokka 01:00, og musikk kan spele til 01:30.
Ynskjer de utvida sjenke- og speletid med 1
time kjem eit tillegg på 3500 kr. Dette må
avtalast i god tid før selskapet.
Merkedagar
På bevegelege heilagdagar tar me eit tillegg på 100 kr per person.
Dette gjeld 1. og 17 mai, Kristi Himmelfartsdag,
Skjærtorsdag, Langfredag, Påskeaften, 1. og 2.
Påskedag, Pinseaften, 1. og 2. Pinsedag, Nyttårsaften og 1. nyttårsdag.
Barneprisar
Barn 0 – 4 år gratis
Barn 4 – 12 år kr. 295,-
Overnatting
Me har 172 hotellrom med gode senger til hyggelege prisar om de får gjester langvegsfrå som treng overnatting.