Tilbake til Julebord

Familiejulebord

Sundag 5. og 12. desember ønskjer me heile familien velkomen til ei hyggeleg førjulsfeiring. Nyt vår store og tradisjonelle julebuffet med freistingar for både store og små. De finn mellom anna pinnekjøt frå Lundal, pølse og spekemat frå Åkrafjorden, røykelaks frå Espevær og det aller beste sesongen kan by på av annan sjømat. Me tek vare på gode, norske julemattradisjonar.


Det vert juleverkstad for borna og nissen kjem med overraskingar!

Vårt populære familiejulebord står dekka frå kl. 13:00 til 16:00

Pris 575,- per vaksen / 275,- per born (4 – 12 år)