Generelle vilkår selskap

PRISAVTALENS GYLDIGHET
Avtalte prisar er bindande for begge partar. Stord Hotell atterheld seg midlertidig retten til å justere prisane som følgje av endra kostnadar ved auka skattar og avgifter, eller andre forhold utanfor hotellets kontroll. Ved avbestilling av meir enn 30 % av det bestilte antall, atterheld me oss retta til å revidere prisane.

AVBESTILLINGSFRISTAR
Alle avbestillingar og endringar av bestillinga må meldast hotellet skriftleg for å vere gyldig. Sjå egne fristar for dykkar arrangement i bekreftelsen.

BETALINGSVILKÅR
Generelt gjeld kontant betaling eller betaling med kredittkort ved avreise dersom ikkje anna er avtalt på førehand. Eventuelt ønskje om etterfølgjande fakturering skal skje samstundes med bestilling. Eit fakturagebyr på 75 kr vil då koma i tillegg. Ved for sein betaling påløyper lovbestemt forseinkingsrente. Arrangør er ansvarleg for alle uoppgjorte deltakarrekningar.

Stord Hotel Drift AS kan krevje forskotsbetaling for inntil 80 % av verdien til bestillinga 14 dagar før arrangementsdato.

NAVNELISTE
Har dykk reservert hotellrom ber me om fullstendig namneliste og spesielle ønskjer om romfordeling blir sendt hotellet seinast 14 dagar før framkomst.

DISPONERING AV LOKALE
Gjesten har tilgang til det avtalte lokalet i samsvar med tidspunkta som er spesifiserte i bekreftelsen. Me ber om at desse tidspunkta blir overhaldne for å sikra ei smidig gjennomføring av arrangementet ditt og for å leggja til rette for andre gjester.

Ved større endringar i talet på deltakarar reserverer me for oss retten til å tildela eit anna lokale som betre passar storleiken på arrangementet. Dette sikrar at både gjester og arrangementet får dei beste rammene for ei vellykka gjennomføring.

DISPONERING AV HOTELLROM
Me ber om at ankomsttid informeres om på førehand. Bestilte hotellrom garanteres ikkje klare før etter kl. 15:00. Dersom ikkje anna er avtalt, disponeres rommet fram til 12:00 avreisedato.

SKJENKING AV ALKOHOL
Arrangør er pliktig til å informere hotellet om eventuelle deltakare som er under både 18 år og 20 år.

ALLERGIER
Stord Hotell legg til rette for at alle gjester skal få ei fin matoppleving. For å kunna ta omsyn til alle allergiar og spesialbehov må det meldast skriftleg til oss seinast 3 dagar før ankomst med fullt namn på dei det gjeld. Allergiar som er melde etter dette vert fakturert med eit tillegg på kr. 250,- per gjest.

FORCE MAJEURE & ANSVAR
Hendingar utanfor Stord Hotells kontroll – streik, lockout, brann, manglande leveransar etc. gir hotellet rett til å heve avtalen utan erstatningsansvar ovanfor bestillar.

Arrangøren står ansvarleg for skade som påløyper hotellet som følgje av uaktsomhet eller forsettleg opptreden av selskapets deltakarar.

KLAGER
For at eventuelle klager skal bli teke i betraktning, må dei framsetjast så snart det blei anledning til det, og seinast ved avslutning av arrangementet.

VERNETING
Alle tvistar som måtte oppstå mellom partane i denne avtalen eller på anna grunnlag, eller mellom gjestar og bedrifta, skal behandlast etter norsk rett. Dersom ikkje tvisten løyses i minnelegheit, skal bedriftas eigendoms verneting gjelde.