Generelle vilkår møte- og konferanseopphald

Desse avtalevilkåra gjeld for møte- og konferanseopphald på Stord Hotell. Hensikta er å bringe klarhet i avtaleforhold, slik at me kan betjene deg som kunde best mogeleg.

PRISAVTALENS GYLDIGHET
Dei avtalte prisar er bindande for begge partar. Stord Hotell atterheld seg midlertidig retten til å justere prisane som følgje av endra kostnader ved auka skattar og avgifter, eller andre forhold utanfor hotellets kontroll. Pristilbodet er basert på det bestilte antall dagar som kurset eller konferansen skal vere i samsvar med bestillinga. Ved avbestilling av meir enn 30 % av det bestilte antall, atterheld me oss retten til å revidere prisane. Unnlet ein eller fleire deltakarar å delta i planlagde måltider, gir dette ikkje rett til prisreduksjon.

AVBESTILLINGSFRISTAR
Alle avbestillingar og endringar av bestillinga må meldast hotellet skriftleg for å vere gyldig. Sjå egne fristar for dykkar arrangement i bekreftelsen. Avtalte pakkeprisar er einhetsprisar og kan ikkje delast eller forandrast i forkant, under eller etter opphaldet.

BETALINGSVILKÅR
Generelt gjeld betaling med kredittkort ved avreise dersom ikkje anna er avtalt på førehand. Eventuelt ønskje om etterfølgjande fakturering skal skje samstundes med bestilling. Me opplyser om at me ikkje sender faktura til stiftelsar, idrettslag, organisasjonar, enkeltmannsføretak og bedriftar registrert i utlandet, samt beløp under kr 5000 med mindre anna er skriftleg avtalt. Me atterheld oss retten til å kredittsjekke dykkar firma for aksept til å sende faktura. Alle henvendelser vedr. faktura sendes til invoice@stord-hotel.no . Ved fakturering vil me opplyse om at me belastar eit fakturagebyr på kr 75. Ved for sein betaling påløper lovbestemt forseinkingsrente. Arrangør er ansvarleg for alle uoppgjorte deltakarrekningar.

NAMNELISTE OG PROGRAM
Fullstendig namneliste og spesielle ønskjer om romfordeling ber me sendes hotellet seinast 14 dagar før ankomst. For at arrangement skal bli så vellukka som mogeleg ber me om at konferanseplanleggar på https://stord-hotell.no/forespurnad/konferanseplanleggar/ fylles ut og returneres seinast 14 dagar før ankomst.   

KURSMATERIELL
Kursmateriell kan leverast hotellet tidlegast 2 dagar før konferansestart og bør takast med ved avreise. Arrangør er ansvarleg for å klargjere forsendinga før avreise. Kursmateriell som sendes hotellet, må merkast arrangementet og kontaktperson.

DISPONERING AV LOKALE
Ein har tilgang til det avtalte lokalet i samsvar med tidspunkta som er spesifiserte i bekreftelsen. Me ber om at desse tidspunkta blir overhaldne for å sikra ei smidig gjennomføring av arrangementet ditt og for å leggja til rette for andre gjester.

Ved større endringar i talet på deltakarar reserverer me for oss retten til å tildela eit anna lokale som betre passar storleiken på arrangementet. Dette sikrar at både gjester og arrangementet får dei beste rammene for ei vellykka gjennomføring.

DISPONERING AV HOTELLROM
Me ber om at ankomsttid informeres om på førehand. Bestilte hotellrom garanteres ikkje klare før etter kl. 15:00. Dersom ikkje anna er avtalt, disponeres rommet frem til 12:00 avreisedato.

SKJENKING AV ALKOHOL
Arrangør er pliktig til å informere hotellet om eventuelle deltakare som er under 20 år.

ALLERGIER
Stord Hotell legg til rette for at alle gjester skal få ei fin matoppleving. For å kunna ta omsyn til alle allergiar og spesialbehov må det meldast skriftleg til oss seinast 3 dagar før ankomst med fullt namn på dei det gjeld. Allergiar som er melde etter dette vert fakturert med eit tillegg på kr. 250,- per gjest.

FORCE MAJEURE & ANSVAR
Hendingar utanfor Stord Hotells kontroll – streik, lockout, brann, manglande leveransar etc. gir hotellet rett til å heve avtalen utan erstatningsansvar ovanfor bestiller.

Bestillar står ansvarleg for skade som påløper hotellet som følgje av aktlausheit eller forsettleg opptreden av arrangør eller kursdeltakar. Hotellet påtar seg ikkje noko ansvar for utstyr/utstillingsmateriell som medbringes kurset.

KLAGER & VERNETING
For at eventuelle klager skal bli teke i betraktning, må dei framsetjast så snart det blei anledning til det, og seinast ved avslutning av arrangementet. Alle tvistar som måtte oppstå mellom partane i denne avtalen eller på anna grunnlag, eller mellom gjestar og bedrifta, skal behandlast etter norsk rett. Dersom ikkje tvisten løyses i minnelegheit, skal bedriftas eigendoms verneting gjelde.