Generelle vilkår gruppeopphald
Desse avtalevilkåra gjeld for gruppeopphald på Stord Hotell. Hensikta er å bringe klarhet i avtaleforhold, slik at me kan betjene deg som kunde best mogeleg.
PRISAVTALENS GYLDIGHET
Avtalte prisar er bindande for begge partar. Stord Hotell atterheld seg midlertidig retten til å justere prisane som følgje av endra kostnadar ved auka skattar og avgifter, eller andre forhold utanfor hotellets kontroll. Ved avbestilling av meir enn 30 % av det bestilte antall, atterheld me oss retta til å revidere prisane.
AVBESTILLINGSFRISTAR
Alle avbestillingar og endringar av bestillinga må meldast hotellet skriftleg for å vere gyldig. Avtalte pakkeprisar er einhetsprisar og kan ikkje delast eller forandrast i forkant, under eller etter opphaldet.
BETALINGSVILKÅR
Generelt gjeld kontant betaling eller betaling med kredittkort ved avreise dersom ikkje anna er avtalt på førehand. Eventuelt ynskje om etterfølgande fakturering skal skje samstundes med bestilling. Eit fakturagebyr på 75 kr vil då koma i tillegg. Ved for sein betaling påløper lovbestemt forsinkelsesrente. Bestillar er ansvarleg for alle uoppgjorte deltakarrekningar.
NAVNELISTE
Fullstendig namneliste og spesielle ønskjer om romfordeling ber me om sendes hotellet seinast 14 dagar før ankomst.
DISPONERING AV HOTELLROM
Me ber om at ankomsttid informeres om på førehand. Bestilte hotellrom garanteres ikkje klare før etter kl. 15:00. Dersom ikkje anna er avtalt, disponeres rommet fram til 12:00 avreisedato.
MEDBRINGING AV EIGNE VARER
Det er ikkje tillat med medbrakt mat eller drikke i felleslokala til hotellet. Etter alkohollova er det ikkje tillat å nyte medbrakt alkohol i våre lokale eller på hotellets område.
SKJENKING AV ALKOHOL
Bestillar er pliktig til å informere hotellet om eventuelle deltakarar som er både under 18 år og 20 år.
ALLERGIER
Stord Hotell legg til rette for at alle gjester skal få ei fin matoppleving. For å kunna ta omsyn til alle allergiar og spesialbehov må det meldast skriftleg til oss seinast 3 dagar før ankomst med fullt namn på dei det gjeld. Allergiar som er melde etter dette vert fakturert med eit tillegg på kr. 250,- per gjest.
FORCE MAJEURE & ANSVAR
Hendingar utanfor Stord Hotells kontroll – streik, lockout, brann, manglande leveransar etc. gir hotellet rett til å heve avtalen utan erstatningsansvar ovanfor bestillar.
Arrangøren står ansvarleg for skade som påløper hotellet som følgje av uaktsomhet eller forsettleg opptreden av selskapets deltakarar.
KLAGER
For at eventuelle klager skal bli teke i betraktning, må dei framsetjast så snart det blei anledning til det, og seinast ved avslutning av arrangementet.
VERNETING
Alle tvistar som måtte oppstå mellom partane i denne avtalen eller på anna grunnlag, eller mellom gjester og bedrifta, skal behandlast etter norsk rett. Dersom ikkje tvisten løyses i minnelegheit, skal bedriftas eigendoms verneting gjelde.