Jobb på Stord Hotell

Stord Hotell er eit moderne forretnings- og konferansehotell med sjarm og særpreg. Hotellet med sine 172 hotellrom ligg midt i hjarta av Sunnhordland, høgdepunktet på Leirvik med nydeleg utsikt over heile Sunnhordlandsbassenget. Her finn du moderne konferanse- og selskapsfasilitetar, lekre nyoppussa lokale, eit kreativt og spennande kjøken, samt rause tilsette som er lidenskapeleg opptekne av å gje gjestene dei beste opplevingane. Vil du bli ein del av vårt hotellteam?

Ledige stillingar

Nattevakt – 50% fast

Me søkjer deg som trivst best å jobba om natta. Liker du i tillegg ansvar og set tryggleik høgt – då kan du være den rette for jobben!

Arbeidet består av følgande
arbeidsoppgåver og forventningar:
• Inn- og utsjekk av gjester
• Generell gjestebehandling
• Kassehandtering
• Ivaretaking av gjestens og hotellets tryggleik
• Resepsjonsarbeid

Du er ein person med stor interesse for hotellbransjen, byr på godt humør, er fleksibel, samt har evne til å arbeide sjølvstendig. Vidare har du gode kommunikasjon og datakunnskaper og du beherskar norsk og engelsk skriftleg og munnleg.

Søknadsfrist 10. september

Resepsjonssjef Iliyan – iliyan.iliev@stord-hotel.no

Brasserie 59

Servitører og bartendere – ekstrahjelp

Me ser etter ekstra servitørar for å bli med i Food & Beverage-teamet vårt. Er du ein initiativrik, fleksibel og god lagspelar?

Kvalifikasjoner og egenskaper

  • Vil gjera det beste for gjestene våre og brenn for å yte god service
  • Har evne til å takla stress
  • Ønskjer å jobba i team og skape eit godt arbeidsmiljø saman med andre
  • Være imøtekommande, snakka med våre gjester og fremma anbefalingar for mat og drikke
  • Kasse- og oppgjørshåndtering
  • Du trivst med å jobba skift, helg og er fleksibel

Er du i tillegg ein person med stor interesse for hotellbransjen, forstår kva som skal til for å ivareta eit høgt servicenivå og byr på godt humør – då vil me gjerne høyre i frå deg!

Søknadsfrist 10. september

Restaurantsjef Thor Oddvar Havn på thor.oddvar.havn@stord-hotel.no