Catering 59°

Lunsj eller gjestar til fest?

Skal du feira 50- eller kanskje 29-årsdag? Lyst til å servera noko godt til klubben eller kundane dine? Invitert gode vener til middag?

La dei dyktige kokkane våre stå for maten! Me leverer velsmakande rettar, laga frå botnen av med dei beste råvarene – til alle høve.

– Catering 59° held sommarstengd frå torsdag 1. juli til fredag 6. august –


Menyar

Lat deg freista av vår cateringmeny

Her er det mykje å velje mellom, uansett kva type tilstelling du planlegg. På menyen har me mellom anna smørbrød, tapas, koldtbord, varmrettar og heimelaga kaker.

Bestilling og levering

Me ønskjer gjerne å få alle bestillingar tidlegast mogleg, men har bestillingsfrist på 48 timar. Me svarer alle førespurnader fortløpande.
(Ta kontakt med oss dersom du er ute i siste liten, så kan me sjå korleis me kan hjelpa deg).

Du kan anten henta maten ferdigpakka og klar hos oss, eller me kan levera maten ferdigpakka og klar på kontoret eller heime hos deg. Me leverer catering alle dagar i veka. Cateringkontoret er ope frå kl. 07:00 – 15:00 måndag til fredag.

For spørsmål rundt utkøyring og levering utanom opningstida, ta kontakt på 53 40 25 00 – tast 4.

+47 53 40 25 00
catering@stord-hotel.no


Bedriftsavtale

Opprett bedriftsavtale – få 10% rabatt

Gjer det enkelt ved bestilling av mat til din bedrift!

Som bedriftskunde vert det endå enklare å bestille catering hos oss. Me sender ut samlefaktura 1 eller 2 gonger per månad, og som bedriftskunde får bedrifta di 10% avslag på våre ordinære cateringprisar.

Handverksmat av engasjerte kokkar

Bestilling og vilkår – Catering 59°

Betaling

Bedrifter kan få faktura etter avtale. Me sender EHF-faktura eller PDF via e-post. Me har 14 dagars betalingsfrist med mindre anna er avtalt. Privatpersonar betaler ved henting eller belastes før utkøyring.

Emballasje

Termo og grøne kassar returnerast hotellet dagen etter utlevering.

Endringsfristar

For bestilling under 40 personar er fristen for endring to kvardagar før utlevering. For bestilling over 40 personar er frist for endring 3 kvardagar før utlevering. Ved avbestilling etter frist, men før aktuell leveringsdag, blir 50% av totalbeløpet fakturert. Ved avbestilling på leveringsdag vert 100% fakturert av totalbeløpet.
Siste frist for avbestilling er 1 veke før utlevering.

Utkøyring – me kan levere maten

Leirvik sentrum 160 kr / Stord 210 kr
Sagvåg 270 kr
Fitjar 530 kr
Bømlo/Sveio 700 kr