Aktivitetar

Kristornskogen

Berre 15 minutters gange frå hotellet finn du Kristornbua. Her er det moglegheiter for samlingar med morosame tradisjonelle aktivitetar som f. eks bueskyting, støvelkasting, killer dart og mykje meir. Her kan ein utfordre kollegaer, vennegjengen eller heile storfamilien. Me set saman beste opplegg etter ønskje, slik at konkurranseinstinktet kjem til å vere på topp heile tida! Det vert gjeven poeng etter innsats, tid, kreativitet og beste lag.

Kristornskogen har òg distriktets første Pitch & Putt golfbane. Bana ligg i naturskjøne omgivnader med 9 hol (2 utslag per hol).

Etter teambuildinga vert det servert kaffi og noko å bite i. Om ønskjeleg kan ein bestille andre forfriskningar.

1-2 Timer
10 – 100
Frå 295,- per person