Aktivitetar

Gullgruvene
på Lykling

Veit du at det har vore gullgruver i Sunnhordland? I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Den vesle bygda er rik på geologi og historie. Gullgruvene er blitt ein populær utfartsstad for både lokale og tilreisande. Og enno er det kanskje gull å finna i kvartsårane og gruvehola i gråberget ut mot storhavet..

Stadig nye generasjonar lèt seg fascinera av moglegheitane til å finna gull i dei gamle gruvene på Lykling. Her kan ein ta utflukt på eigenhand og vandra i den flottaste kystnaturen, eller ha teambuilding og aktivitetar saman med lokal guide.

Ta kontakt med oss, så skreddarsyr me opplegg etter ønskje.

2-3 Timer
10 – 30
Frå 450,- per person