Aktivitetar

Engevik Visningssenter

Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter er eit opplevingssenter om akvakultur, på eit ekte oppdrettsanlegg med atlantisk laks og regnbogeaure. Senteret er lokalisert i Fitjarøyane, på vestsida av Dyrholmen. Her er eit flytande lokale, med koselig og moderne serveringslokale i 1. etasje, konferanserom med fantastisk utsikt i 2. etasje, og ein spennande og stemningsfull utstilling i kjellaren.

Her formidlar me om akvakultur med engasjerte gaidar og gode historiar. Engesund visningssenter er ein flott aktivitet for både store og små. Det er tilgjengeleg 3 båtar som vert brukt til passasjerdrift, der 2 av dei er RIB båtar med plass til 11 passasjerar, og 1 lukka båt med plass til 12 passasjerar.

Engesund visningssenter

Aktivitet 1

Visningstur

Ein visningstur er ein gaida omvising om akvakulturnæringa med engasjerte og kunnskapsrike guidar. Turen startar i Fitjar sentrum, i Fitjarsjøen 2. Her er det velkomst, praktisk informasjon og omvising på det moderne, high-tek fôringsstudioet. Deretter får ein utdelt flyteplagg før ein reiser med båt ut til visningssenteret i det unike øyriket i Fitjar.

Etter ein liten stopp på sjøen ved øya Engesund og kort historieforteljing der, reiser ein vidare ut til visningssenteret. Her går ein i land på oppdrettsanlegget, og får sjå fisken i merden og høyre om dei viktige oppgåvene som må til for å få ein frisk og god fisk fram til slakt. Etterpå får gjestene ein omvising i utstillinga, der ein snakkar om den spennande utviklinga og historia til oppdrettsnæringa, laksens livssyklus, utfordringar med matproduksjon, berekraft og framtid.

2 Timer
10 – 24
Frå 295,- per person