Afternoon Tea servering på Stord hotell. Tre etasjer med søtt og salt.

Laurdag 14. juni

Afternoon Tea – Sommar Edition

Tidlaus tradisjon – med ein sommarleg vri! Me startar med ein musserande velkomst, og vår sommelier Thor Oddvar Havn deler kvifor nettopp desse boblene er perfekte i sommar. I tillegg set DJ-en stemninga med musikk som får skuldrene til å senke seg.

Som alltid byr me på søtt og salt, varmt og kaldt – servert med rykande te. Me gler oss til å varte opp deg og dine! ✨

Kr. 695,- per person
inkl. mat, eit glas musserande og te