Tilbake til Julebord

Kom i julestemning på Stord Hotell

Jula handlar mykje om å vera saman og dela fine stunder. Kva er betre enn å avrunda året med eit stemningsfullt julebord?

Tradisjonen tru, inviterer me julebordsgjestene våre til ei førsteklasses oppleving i eit pynta hotell frå fredag 25. november til laurdag 10. desember.


Tradisjonell julebuffé

Den gode smaken av jul

Den gode matopplevinga står sjølvsagt i sentrum av julebordet. Her har kjøkkenet komponert eit tradisjonelt julebord med utgangspunkt i dei beste lokale råvarene. Her kan du velja mellom alt frå pinnekjøtt frå Lundal, nysteikt ribbe, andebryst, sushi og det aller beste sesongen kan by på av annan sjømat – alt med det gode tilbehøret attåt.


Fredag 25. og laurdag 26. nov

Heine Totland’s Rock & Roll Circus

Etter eit festleg måltid kan du og gjestene dine trekka opp i Valhall. Det vert herleg energi, gode historiar og flotte tolkningar når Heine og bandet fråtsar i låtar frå gullalderen til musikken.

Førebu dykk på ein kveld der rockefoten går, lattaren rungar og allsongen sit laust.

Kr. 1295,- per person

Inkl. aperitiff, julebord, live musikk & parkering

Fredag 2. og laurdag 3. des

Topp stemning

Etter eit himmelsk måltid spelar pianisten opp til ein uforgløymeleg kveld i Bar 59°. Belysninga er dempa og frå høgtalarane spelar gamle og nye klassikere.

Her er det rom for både drøs og dans!

Kr. 1195,- per person

Inkl. aperitiff, julebord, live musikk & parkering

Fredag 9. og laurdag 10. des

This Was My Life

This Was My Life er eit tributeband til Kim Larsen & Gasolin. Bandet frå Bergen har i rekordfart blitt eit anerkjend namn i heile Norden. I akustisk setting tar dei dykk med på ein herleg musikalsk reise i Valhall.

Kr. 1295,- per person

Inkl. aperitiff, julebord, live musikk & parkering


Drøym deg vekk

Anten du er fastbuande eller tilreisande, kva er meir freistande enn å krypa opp i ei herleg hotellseng for ei god natts søvn etter at julebordet er avrunda? Gi deg og dine inviterte ein magisk miniferie – julebord med overnatting, og kanskje best av alt: Når du vaknar ventar ein rikhaldig julefrukost på deg nede i
Brasserie 59°

Frå kr. 1895,- per person

Aperitiff + Julebord + Live musikk + Overnatting + Julefrukost + Parkering

Eige lokale

Me skreddarsyr ditt julebord

Hos oss er moglegheitane mange for julebord i alle former. Me har mykje plass, og i eit av våre store og luftige lokale kan ein ha eige lokale til julebordet. Slit du med å samla tankane, ta gjerne kontakt med oss så designar me ditt unike, eventyrlege julebord saman.