Tilbake til Menyer

Menyer

Selskapsmeny

Ein kan velje rettar frå vår velsmakande selskapsmeny eller saman med vår kjøkkenskjef skreddarsy ein meny etter eige ønskje.

Menyane inkluderer

Selskapsoppdekking som passar lokalet, lokalleige,
servitørar og teknisk assistanse. De står fritt til å pynte bord og selskapslokale
etter eige ynskje. Gåvebordet står klart 1 time før selskapet.

Tillegg for lokale Gjøa i 9. etasje er kr. 4000,-

Vinar

Er det ynskjeleg kan me setje vinar til menyen
de har vald. Både kvite, raude og dessertvinar,
samt cognac og likør til kaffi. Skulle de ynskje andre vinar enn kva de finn på vårt vinkart, kan me hjelpe med å skaffe desse.

Kaffe og kaker

Til kaffe kan de ta med eigne kaker eller de kan
bestille kaker hos oss.
Kaffi & kakebuffet med medbrakte kaker kr. 90 p.p (Born gratis)
Alle medbrakte kaker må vere ferdig pynta på
fat i kakebomme med lokk.

Selskapsbar

Til dykkar selskap kan me tilby selskapsbar
med følgjande sortiment:
Cognac VS, Likører, Vodka, Whisky, Baccardi
og Gin.

Aperitiff – musserande med og utan alkohol.

Utvida sjenketid

Me har skjenking av øl og brennevin fram til klokka 01:00, og musikk kan spele til klokka 01:30. Ynskjer de utvida skjenke- og speletid med 1 time kjem eit tillegg på 3500 kr. Dette må avtalast i god tid før selskapet. Gjeld også utvida opningstid etter kl.0100 utan alkoholservering.

Merkedagar

På bevegelege heilagdagar tar me eit tillegg på 110 kr per person.

Dette gjeld 1. og 17 mai, Kristi Himmelfartsdag,
Skjærtorsdag, Langfredag, Påskeaften, 1. og 2.
Påskedag, Pinseaften, 1. og 2. Pinsedag, Nyttårsaften og 1. nyttårsdag.

Barneprisar

Barn 0 – 4 år gratis

Barn 4 – 12 år kr. 355,-

Overnatting

Me har 172 hotellrom med gode senger til hyggelege prisar om de får gjester langvegsfrå som treng overnatting.

Menyval

Heile selskapet må ha same meny, men me tar sjølvsagt hensyn til allergiar.

Priser for 2025 må vi forbeholde oss retten til prisjustering iht konsumprisindeks.