Me fornyar oss!

Hotellet er stadig i utvikling og ønskjer berre å tilby det beste til gjestene våre. Me gjennomgår i perioden frå 29. april til 16. september ein omfattande oppgradering og ombygging av 1. etasje. Renoveringa omfattar nytt og større kjøken, ny restaurant og konsept, utvida og nye salongar, samt nytt resepsjonsområde.

I samband med ombygginga av heile publikumsområdet i hotellets 1. etasje, vert frukost og middag servert i vår storsal Valhall i 2. etasje. Her finn du òg salong med tilgang til kaffi og fersk bakverk på ettermiddagen. Vår pianobar vil òg vere stengd, men god drikke kan tingast i Valhall i 2. etasje.

Under opprustinga vil symjebassenget og velværeområde haldast stengt og skal etter planen opne att i ny drakt mars 2020.

Målsetjinga med renoveringa er at våre viktigaste rom og fellesareala med salong og vinterhage skal framstå i ny drakt. Me er oppteken av å ta vare på og videreutvikla gjesteopplevinga. Vårt hovudfokus vil framleis vere å behalda varmen, den tryggje atmosfæren og vårt personlege vertskap.

Me beklagar på førehand eventuelle forstyrringar og ulempe knytte til ombygginga. Me håper at alle våre gjester har forståing og ekstra god tolmod for dette, slik at både gjester og ansatte snart kan gå rundt med ekstra lukkelege smil i ansikta.

Me gler oss til å ønskje gamle og framtidige gjester velkomen til nye, friske og komfortable omgjevnader til hausten!

Våre tilbod og aktivitetar