Til kvardag og fest

Gode matopplevingar er viktige for hotellet og me er stolte av å servera deg mat som hovudsakleg er basert på råvarer frå vår region. Våre dyktige kokkar nyttar seg av sesongens råvarer når dei er på sitt beste, og legg si stoltheit i å gi deg spanande og gode smaksopplevingar – både til kvardag og fest. I restauranten er det plass til 200 gjester og me tek imot både små og store grupper som ynskjer å ete hos oss.

Lobbybaren er den naturlege møtestaden på Stord Hotell, og her kan du møte vener og kollegaer for å slappe av med noko godt å drikke. På kveldstid er det god stemning i Bonaparte Pianobar og mange trekker inn her for å fortsetje praten når pianisten startar opp med stemningsfull musikk.

Sjå Julas à la carte som vert servert frå 19. november her: Julemeny a la carte 2018

Sjå November à la carte her: A la Carte-November. 2018

 

Våre tilbod og aktivitetar