Møt nøkkelpersonane hos oss

Møt nokre av nøkkelpersonane som gjer alt for at kurset, konferansen eller seminaret ditt skal bli vellukka.

– Hei, og velkommen til oss. Berre gå inn og finn ein plass, og ta gjerne med litt å bita i.

Kursvert Benjamin Hjelland er eit einaste stort smil der han viser eit knippe kursdeltakarar inn i eitt av dei totalt ni konferanseromma på Stord Hotell. Denne dagen er det «Gjøa» i niande etasje som er i bruk. Her inne er både fagleg innhald og pausar omslutta av luftig og storslegen utsikt til fjord, fjell, Leirvik sentrum og hamna.

Eigen kursvert

– Mange blir imponerte når dei kjem opp hit i toppetasjen. «Gu’ så flotte maleri de har» kommenterte ein gjest då ho såg dei store vindaugsflatene for første gong, humrar Benjamin.

Som dedikert vert for dagens kurs, er han ansvarleg for at møtelokalet er rigga og klart til gjestene kjem, og at velkomstmat og -drikke er sett fram. Gjennom dagen sørgjer han for påfyll av pausemat og forfriskingar, held lokala ryddige og fine, og er heile tida parat til å assistera kurshaldaren med små og store praktikalitetar og spørsmål.

– Vår jobb er å legga alt til rette slik at kurshaldar kan konsentrera seg fullt og heilt om fagleg innhald og agenda for dagen, kjem det samstemt frå Benjamin og kollega Ragnhild Saue.

Læring og lagfølelse

Som bookingansvarleg på hotellet er Ragnhild seljaren og koordinatoren som skreddarsyr kurs- og konferansepakkar for kundane, anten det berre er snakk om personlege møte for to personar eller store konferansar med fleire hundre gjester. Saman med kunden finn ho fram til den optimale kombinasjonen av møtelokale, måltid og overnatting, samt transport til og frå hotellet om det trengst.

– Fleire og fleire ønskjer også ulike teambuilding-aktivitetar som ein del av opphaldet, for å ha det kjekt saman etter møteslutt og styrka samhaldet internt. Då hjelper eg til med å organiseringa i lag med hotellet sine samarbeidspartnarar. Havrafting, leirdueskyting, båtturar, golf, quiz og omvising i kunstgalleri er nokre få døme på alt me kan tilby. Nyleg arrangerte me kurs for eit firma der ei gruppe gjekk tur opp sherpatrappene til den flotte fjellheimen her på Stord om ettermiddagen. Resten valde å kopla ut med den fortreffelege kombinasjonen vinsmaking og yoga her på hotellet, fortel Ragnhild.

Midtpunkt mellom Stavanger og Bergen

– Kven legg kurs- og konferansar til Stord Hotell?

– For lokale bedrifter og offentleg verksemder har Stord Hotell vore naturleg samlingspunkt for kurs og konferansar i fleire tiår. No opplever me at stadig fleire verksemder frå heile regionen mellom Stavanger og Bergen har fått augo opp for den unike plasseringa vår, der Stord utgjer eit midtpunkt det er lett å samlast på. Og har dei først vore hos oss ein gong, kjem det veldig ofte ei ny bestilling frå same kunde ved eit seinare høve, forklarer Ragnhild.

Medan dagens kursdeltakarar i niande etasje køyrer på med ein ny bolk med fagleg innhald, er restaurantsjef Aud Lillian Hansen og hennar team av kokkar og kjøkkenassistentar i full sving med førebuinga av lunsj og middag.

– Måltida er høgdepunktet for mange. Våre gjester skal oppleva at dei blir dulla litt med, og god mat og drikke er viktige element i den behandlinga, ler Aud Lillian.

Haustar frå matfatet Sunnhordland

Kjøkkensjef Mikaela Spaedtke seier matfilosofien til Stord Hotell er å servera velsmakande rettar som er laga frå botnen av med kortreiste råvarer frå distriktet.

– Me serverer til dømes fisk og honning frå Bømlo, ost frå Tysnes, eplemost og sider frå Hardanger, og kjøt og øl frå Fitjar, fortel Mikaela, medan ho danderer delikate skiver av røykelaks frå Espevær til dagens lunsjbuffé.

– Som frittståande hotell kan me også vera meir kreative og ha større variasjon når me utviklar menyar og oppskrifter, for me har ikkje noko kjedekonsept me er pålagde å følgja, skyt Aud Lillian inn.

Av ein stamgjest har ho fått kallenamnet «Gullet», på grunn av servicen ho gir. Eitt døme var den gongen eit firma ønskte ein spesiell vin til middagen. Den var ikkje å oppdriva på Stord.

– Då sendte eg folk eins ærend til Bergen for å henta akkurat den vinen. Me må jo strekka oss litt ekstra for kundane, ler restaurantsjefen.

Hamskifte

Ute ved resepsjonen inspiserer hotellsjef Karina Stokke Mæhle den pågåande oppgraderinga av første etasje. Her kan hotellet i september ta i bruk nytt og større kjøkken, nytt restaurant- og barkonsept, ny resepsjon og nye og større salongar.

– Fornyinga vil gjera det endå trivelegare å mingla og sosialisera etter ein er ferdig med dagens agenda, meiner Karina.

Ho poengterer at dei gode tilbakemeldingane hotellet får frå kurs- og konferansegjester er resultat av ein laginnsats – der alt frå reinhaldarar til oppvaskpersonale, servitørar, resepsjonistar, bartender og vaktmeister er like viktige for å skapa ein lun og fin atmosfære med effektiv, personleg og god service til alle gjester.

– Denne laginnsatsen kjem verkeleg for dagen på dei store arrangementa. Då står me på og hjelper kvarandre der det måtte trengast, anten ein er direktør eller reinhaldar. Det viser meg at me alle er her for ein grunn: Gjestene våre, avrundar hotellsjefen.

Våre tilbod og aktivitetar