Bergen Social Vista Club

Latinamerikansk heilaften med Bergen Vista Social Club

Laurdag 29. oktober vert det salsakurs og latinamerikansk heilaften i Brasserie- og Bar 59°.

Gjer dykk klar for ein laurdag full av energi og danseglede! Etter suksessen i fjor sett me opp ein ny latinamerikansk heilaften i Brasserie- og Bar 59° med høg stemning og heftige rytmer. Kjøkkenet lagar ein smaksrik buffet og seinare på kvelden har me musikk frå Cuba med Bergen Vista Social Club. Her kan alle som ønskjer testa ut danseskoa til fantastisk musikk.


Live musikk i Bar 59°

Bergen Vista
Social Club

Dette vert ein spektakulær latinamerikansk oppleving! Bergen Vista Social Club har vorte kjend som eit av Norges beste og mest energiske Latinske show noensinne. Fantastiske musikarar på scenen med massevis av sjarme og varme frå både Norge, Cuba og Latin Amerika.

Brasserie 59°

Smaken av
Sør-Amerika

Frå klokka 19:00 serverer me buffet med kalde og varme retter, samt stort dessertbord. Du finn spennande smaker og inspirasjon frå åra Leiv Martin og Aud, grunnleggarane av Stord Hotell, reiste i utanriksfart på ruter rundt Sør-Amerika.

Her vil me skapa matglede og ein minnerik oppleving.

Salsakurs

Salsakurs

Lat oss danse salsa

Bli med på dansekurs! Det vert kubansk salsakurs med Elena Kazantseva og partner for nybegynnere og viderekomne i Valhall tidligare på dagen. Seinare på kvelden kan man teste ut dansetrinna til fantastisk musikk med Bergen Vista Social Club i Bar 59.

Billettpakkar

Salsakurs, buffet i Brasserie 59° og konsert med Bergen Vista Social Club

Kr. 875,- per person

Buffet i Brasserie 59° og konsert med Bergen Vista Social Club

Kr. 675,- per person

Salsakurs med Elena og konsert med Bergen Vista Social Club

Kr. 545,- per person