
Fredag 4. april 2025 | Kl. 18:00
Boblesmaking i Brasserie 59°
Bli med på reise gjennom nokre av verdas mest kjende musserande vinar. Smakinga tek for seg ulike land, produksjonsmetodar og historia bak vinane. Undervegs vert det servert lett snacks som er tilpassa dei ulike smakane.
Smakinga inkluderer fem musserande vinar og lett snacks, presentert av vår sommelier Thor Oddvar Havn.
Kr. 795,- per person
inkl. vinkurs og lett snacks
Thor Oddvar Havn frå Stord jobbar som restaurantsjef på Stord Hotell. I 2020 tok han sats og melde seg på eit årsstudium ved Norsk Sommelier Utdannelse i Bergen. Her tok han stolt i mot vitnemålet sitt i slutten av 2021, der han også vart kåra til «årets beste student».
Lidenskapen for mat og drikke i kombinasjon har hans fulle fokus, og han er ein ekspert på å finna rett vin for alle høve.
Velkomen fredag 4. april, klokka 18:00.
Ønskjer de å nyta ein middag etter smakinga? Brasserie 59° er ope, og me anbefalar å reservera bord på førehand.