Resepsjonist 50% vikariat

Vil du bli ein del av vårt resepsjonsteam?

Kunne du tenkt deg å jobbe i eit hektisk og spanande yrke, der vertskapsrolla og sal står i fokus? Me ønskjer å styrke vårt dyktige resepsjonsteam og søkjer ei engasjert, fleksibel og sjølvstendig resepsjonsmedarbeidar.

 

Arbeidsoppgåvane vil bestå av dagleg resepsjonsarbeid som;

  • Inn- og utsjekk av gjester
  • Generell gjestebehandling
  • Kassehåndtering
  • Ivaretaking av gjestens og hotellets tryggleik
  • Forfallande resepsjonsarbeid
  • Klargjøring, rydding og oppfølging av hotellets kurs og møter
  • Ønskjeleg at søkjar er fylt 20 år

Du er ein person med stor interesse for hotellbransjen, byr på godt humør og tør stille spørsmål. Du har ei evne til å arbeide raskt, sjølvstendig og du er flink til å takle fleire oppgåver samtidig. Vidare må du ha gode kommunikasjon og datakunnskaper og beherskar norsk og engelsk skriftleg og munnleg. Har du i tillegg ein «Så klart me kan» haldning, ber me deg søke på stillinga.

 

Me kan tilby;

  • Konkurransedyktige lønn og vilkår
  • Kjekt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Spennande utfordringar saman med engasjerte og dyktige resepsjonistar

 

Arbeidstida vil vera dag og kveldsvakter, samt helg.

Vikariatet gjeld i første omgang til 31. juli, men med gode mogelegheiter for forlenging og evt. fast stilling.

 

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med; Iliyan Iliev, Resepsjonssjef, tlf. 53 40 25 00 / 967 19 487.

Søknadsfrist 16. februar – og du kan sende søknad til iliyan.iliev@stord-hotel.no

Snarleg tiltredelse.