Er du vår nye drifts- og vedlikehaldsansvarleg?

Vår noverande vaktmeister blir pensjonist til sommaren og me søker hans etterfølger.

Som Driftsteknikar- og vedlikehaldsansvarleg ved Stord Hotell vil du ha ansvar for dagleg- og langsiktig vedlikehald av hotellet, samt bistå dei ulike avdelingane med tekniske utfordringar, samt ha ei vaktmeisterrolle.
Stord Hotell er eit fullservice konferansehotell med 172 hotellrom, 9 møterom, og sommaren 2019 vil Kjøkken, Resepsjon, Restaurant, Salong/ bar bli totalrenovert. Driftsansvarleg vil vera ein del av leiar-/ stabgruppa på hotellet. Me ser etter deg som har teknisk og handverksfagleg bakgrunn, og som kan jobbe strukturert og målretta med vedlikehald, reparasjonar og teknisk drift av hotellet.

 

Om stillinga:

  • Dagleg og periodisk vedlikehald av lokale og inventar
  • Ansvar for brannsikring 
  • Utbetring av skader
  • Oppfølging av teknisk utstyr
  • Ansvar for uteareal og renovasjon
  • Bistå ved rigging av møterom
  • Transport av tøy internt
  • Ansvaret for oppfølging av serviceavtalar knytta til utstyr, maskiner, heisar og ventilasjon
  • Oppfølging av vedlikehald- og driftssystem
  • Være behjelpeleg ovanfor andre avdelingar og gjester

 

Kvalifikasjonar:

  •  Har god erfaring og utdanning innan tekniske- eller handverksfag
  • Har erfaring og kunnskap om bruk av dataverktøy i samband med driftssystem
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og effektiv, som trivs med mange jern i elden.
  • Du har evna til å jobbe sjølvstendig og målretta, samt har gode kommunikasjonsevner.

 

Søknadsfrist: 16. April 2019

Kontaktperson: Karina Mæhle, M: 907 58 545

Søknad sendes til: karina.maehle@stord-hotel.no