Kristtornskogen Golfpark

Kristtornskogen Golfpark på Stord, distriktets første Pitch & Putt golfbane.

Bana ligg i naturskjøne omgivnader ca 2 km frå Leirvik sentrum, i umiddelbar nærleik til Aker Stord.

Dei 9 hola (2 utslag per hol) som bana består av, strekk seg frå 29 – 90 m, og er både kjekk og utfordrande å spela.

Me vil ønskja Dykk hjarteleg velkomen til ei golfoppleving litt utanom det vanlege.