Smak av jul i Brasserie 59°

Førjulstida vert nok litt annleis i år, men smaken er heldigvis den same! Me serverer julefrukost, julelunsj og julas à la carte frå 16. november.

Julas à la carte

Me gir deg og dine eit velsmakande pusterom i kvardagen med julas à la carte måndag til torsdag klokka 17:00 – 22:30.

MENY – julas à la carte 2020

Hugs tinging av bord 📞 477 93 461

Ønskjer du eige lokale for din gruppe kan du ta kontakt med booking på 📞 53 40 25 04

Julelunsj

Opplev førjulskos i Brasserie 59° med gode vener, kollegaer eller kundar. Me serverer ein smakfull 2-retters julelunsj måndag til fredag klokka 12:00 – 15:00

MENY
Juletallerken med pinnekjøt frå Lundal, sprø svineribbe, pølse, kålrabistappe, kokte poteter, raudkål og sjysaus – Riskrem med rørte bringebær, kandiserte violer og sprø havrekjeks

Kr. 495,- per person

Hugs tinging av bord 📞 53 40 25 04

Ønskjer du eige lokale for din gruppe kan du ta kontakt med booking på 📞 53 40 25 04

Julefrukost

Ta med familien eller dine tilsette på ein koseleg julefrukost med alles julefavorittar. Attpå til den store, smakfulle frukosten me serverer kvar dag, diskar me opp med heimelaga julepålegg, juleskinke og spekeskinke frå Lundal, julesalater, julebakst og andre søte freistingar desse dagane.

Velkomen til julefrukost 7., 11., 14., 18. og 21. desember klokka 08:30 til 10:00

Kr. 295,- per person

Hugs tinging av bord 📞 53 40 25 04

Me leverer 🚗

Ønskjer du å ta med maten heim? Catering 59° har nydeleg julemat til alle typar juleselskap – JULEMENY 2020