Middagshjelpo!

Sjølv om me er i ein utfordrande tid, er me framleis så heldig at me kan servere gjestene våre som bur på hotellet. I den forbindelse vil kjøkenet tilby «middagshjelpo» for å bidra med heimelaga rettar til alle som treng på Stord i ein ny og utfordrande kvardag.

Slik kan du bestille middag

  • Kvar kveld legg me ut Dagens meny for neste dag på Facebook
  • Du bestiller til catering@stord-hotel.no innan klokka 10:00 dagen du vil hente
  • Maten kan hentast mellom klokka 13:00 – 14:00 i resepsjonen
  • Treng du maten heimkjørt i disse dagar så bestiller du det samtidig, me tilbyr utkjøyring på Stord frå kr. 75,-. Me setter maten ved inngongsdøra di og ringer på.
  • Middagen er klar til å bli varma opp, og framgangsmåte står på lokket.

Pris kr. 145,- per porsjon vaksen / 75,- per born / Familiepakke kr. 350,- for 2 vaksne og 2 born

Me oppfordrar alle til å ta kontakt i forhold til spesielle ønskjer. Middagsporsjonane kan oppbevarast i kjøleskap 2-3 dagar.

Hentar du middag i resepsjonen kan du betale med kort eller VIPPS «Stord Hotell». Betaler du med VIPPS skriv du «Middagshjelpo» i meldingsfeltet, og du må vise «betalt» til resepsjonisten. Ved heimkjøyring må du betale oppgjeven sum med VIPPS «Stord Hotell» innan maten vert utlevert. Her skriv du «Middagshjelpo + di gateadresse» i meldingsfeltet.

Me har iverksatt ein rekke tiltak for å trygge og styrke eksisterande reinhaldsstandardar og minimere risiko for smitte.