Beredskap og tiltak covid-19

Stord Hotell held seg til Stord kommune og helsemyndighetens råd og anbefalingar. Hotellgjestenes og personalets tryggleik er vår første prioritet på alle måtar. Me følgjer utviklinga i situasjonen tett.

Her er nokon av tiltaka som er innført for å minimere og handtere smittefare

  • Me har eigne stasjonar med antibac plassert i alle gjesteareal, tilgjengeleg for alle gjester/ansatte og backoffice for alle ansatte.
  • Me har innført ekstra hyppig reinhald på alle felles kontaktflater, som dørhandtak og andre berøringsflater på hotellet.
  • Våre medarbeidarar har vorte instruert i korleis ein best kan stille seg til den rådande situasjonen, samt korleis ein kan best unngå smitte.
  • Me unngår nærkontakt i form av handhelsing, klemming og liknande.
  • Me har kartlagt vårt personal etter beste evne og har ingen ansatte som har vore i risiko-områder eller har nokon i sin nærmeste nærleik som har vore det.
  • Kjøken og restaurant tar alle førehandsreglar når det gjeld mat og servering. Blant anna vert det kun tallerkenservering og ingen frukost, lunsj- eller kveldsbuffet. Me dekke borda, slik at det vert så god avstand (1 meter) som mogleg mellom gjestene iht kommunen sine krav. Det vert redusert opningstid i restauranten.
  • Restauranten Brasserie 59° er kun open for buande gjester.
  • Me held treningsrommet stengd frå 12. mars.
  • Alle møteromma, Cafe og Brasserie 59° er halvert i kapasitet etter begrensinga på kor mange menneske som kan vær samla på same stad og min. 1 meter avstand.
  • Bar 59° er stengd.
  • Sushi TakeAway er stengd frå 19. mars.
  • Me er eit kontantløst hotell

Arrangement: Me held oss til helsemyndighetene sin restriksjon der det er bestemt forbud mot kulturarrangement. Me vil kome tilbake med meir informasjon vedrørande forhandskjøpte billettar.

Kansellering: Vanlege kanselleringsregler gjeld. Kva som gjeld din bestilling avhenger av kva type bestilling du har gjort. Sjå din bekreftelse for meir informasjon.

Nye opningstider:

Frukost: Kl. 06:30 – 09:00

Brasserie 59°: Kl. 17:00-18:30 og 20:00-21:00

For meir informasjon sjå Helsedirektoratet sine nettsider: https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering