Velkomen til 17. mai feiring på Stord Hotell

Tradisjonen tru serverer me vår flotte og populære 17. mai-buffet, så ta med deg vener og familie til eit festmåltid!

Våre kokkar set saman ein velfylt kaldmatbuffet som bugnar av friske salater, herlege kaldretter av kjøt, fisk, skalldyr, spekemat og anna tilbehør. Me serverer varmmatbuffet med langtidssteikt okselår, samt ulike fisk- og kjøttretter. Helt til slutt står det klart eit freistande dessertbord med alt du kan tenkje deg av deilige kaker og desserter. I vår velsmakende buffet er du garantert å finne noko du likar!

Buffeten står dekka frå 12:00 – 15:00.

  • Pris vaksen 595,-
  • Pris born 4-12 år 275,-
  • Born under 4 år går gratis

Hugs å tinga bord på tlf: 53402606 eller booking@stord-hotel.no

Det vert filmvisning i Troll og eige aktivitetsbord for borna i salongen!

Me har stor gratis parkering som kan nyttast heile dagen.

Velkomen!