AVLYST – Lunsjkonsert med Frida Ånnevik

Det finst stemmer som får deg til å stoppa opp. Som får deg til å gløyme kva du driv med. Du berre må høyre kva dei har å seie. Frida Ånnevik har ei slik stemma! I vinter legg Frida Ånnevik ut på ny turnèrunde og laurdag 21. mars kjem ho til Stord Hotell!

Billettar: Lunsjkonsert med Frida Ånnevik

Frida skal halde ein intimkonsert i våre nye og friske omgjevnader i Bar 59, og med seg har ho sine fantastiske musikere Andreas Løwe på tangenter, og Haldor Røyne på gitar. Saman skal dei snurra deg inn i ei verd av sterk musikalsk nerve, personlege tolkningar, og nokon henimot dansbare beats!

Frå januar er Frida med i den populære tv-serien «Hver gang vi møtes» som vert sendt i beste sendetid på TV2 åtte laurdagar på rad. Der fremføre og heidrar Frida Ånnevik musikalske kolleger som Odd Nordstoga, Aslag Haugen, Chris Holsten og Tuva Syvertsen m.fleire. Her vil me få mogelegheit til å bli ekstra godt kjent med ho.

I 2020 feirar også Frida sine første 10 år som artist, tekstforfattar og låtskrivar. Med 5 utgjevingar bak seg har Frida hausta lovord og gode kritikkar, og ikkje minst gjort seg fortjent til tre spellemannprisar, side om side med sterke navn som Stein Torleif Bjella, Kari Bremnes og Ole Paus for å nemne nokon.

Arrangementet startar med ein deilig og frisk smaksbuffet med utvalde smårettar og antipasti frå Italia i Brasserie 59° frå klokka 13:30. Konserten startar klokka 15:00 i Bar 59°.

Pris 495,- per person inkl. lunsj / Pris 295,- per person kun konsert

Billettar: Lunsjkonsert med Frida Ånnevik