Frå holme til øy med Cornelius sin meisterkokk Odd Einar Tufteland!

Ein smak av kysten vår her på Vestlandet! Diplomkokk og sjømatspesialist Odd Einar Tufteland ved Cornelius Sjømatrestaurant byr på 4-rettars meteorologisk meny i Brasserie 59°. Men først startar det heile med RÅbar, velkomst og inspirerande fortellingar i våre nye og friske omgjevnader i Bar 59°.

Menyen vert inspirert av dagens vær, kokkens sinnsstemning og sjømat i sesong, men Odd Einar har lova at me kan freista med fersk skrei som er no på sitt akkurat beste og har ein fantastisk smak.

RÅbar. Odd Einar introduserer mindre brukte skjellartar, som dei fleste av oss ikkje ein gong visste at var mogeleg å ete, og han er trygg på at mange vil få eit nytt syn på skaldyr under denne 30 minuttars seansen. Lat smakslaukane forførast av desse lokale delikatessene – nøye tilberedt av kokkar med ein genuin lidenskap for sjømat og lokale råvarer.

Pris kr. 695,- per person inkl. aperitiff, RÅbar og 4-rettars middag

Pris kr. 400,- per person vinpakke 1 / kr. 600,- per person vinpakke 2

Tufteland gjekk i lære her hos oss på Stord Hotell og her fekk han også fagbrev som kokk. Sidan har han jobba på Ullensvang Hotell og Tyssedal Hotell i Odda. Herfrå fekk han finansiert sin utdannelse som diplomkokk på Gastrnomisk Institutt i Stavanger. Deretter bar vegen til velrenommerte Fiskekrogen på Zachariasbryggen i Bergen. I 2000 møtte han Skjellmannen, Alf Roald Sætre. Saman hadde dei ein draum om å opna ein sjømatrestaurant på ein holme utanfor Bergen, og berre nokon år seinare opna Cornelius Sjømatrestaurant. Det er Tufteland som er mannen bak restauranten sitt unike konsept med «Meteorologisk Meny», der maten vert inspirert av vær, vind og sinnstemning.