Afternoon Tea

Siste laurdagen i kvar månad fram mot sommaren ønskjer me å varte opp deg og dine venner, familie eller kjæraste i Cafe 59° med eit draume teselskap!

Laurdag 25. januar vert det fantastisk live musikk frå Duo Intermezzo i pianobaren. På menyen vert det 3 etasjar med ferske assorterte smørbrød, nysteikte heimelaga scones med syltetøy og på toppen finn du søte og velsmakande freistingar.

For tinging av bord ta kontakt med oss på telefon 53 40 25 04 – Bordreservasjon frå klokka 13:30

Pris 395,- per person inkl. mat, te og live musikk

Ein sukkerbit eller to?

Fyll koppen med utvalgt herleg te eller noko heilt anna!