Me byggjer ut og fornyar oss

Me er stadig i utvikling og ønskjer berre å tilby det beste til gjestene våre. Derfor gjennomgår hotellet i perioden frå 16. juni til 16. september ei omfattande oppgradering og ombygging av fellesområda i første etasje. Renoveringa omfattar nytt og større kjøken, det nye restaurantkonseptet Brasseri og Bar 59°, utvida og nye salongar, samt nytt resepsjonsområde.

Når renoveringa er ferdig vil me invitera deg på seinsommarfest med konsertar og aktivitetar i helga 20. – 21. september. På fredagen vil Silya Nymoen opna ballet med sin unike musikkstil, som bergtek publikum og meldarar kvar gong ho opptrer. På laurdagen… Vel, kva som skjer då vil me avsløra like over sommarferien.

Sal av billettar opnar måndag 5. august!

Me gler oss til å ønska gamle og framtidige gjester velkomne i nye, friske og komfortable omgivnadar til hausten!